Søndag inviterte Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Under gudstenesta vart dei fire Todalingane som skal konfirmerast i mai neste år presentert. Liturg søndag var Pål Arne Winsnes, Torbjørn Brøske var assisterande liturg, Rannveig Brøske var klokkar og Oddveig H. Halle var organist.
Les heile saka
Alfred Kvendset fanga solnedgangen frå Snøfjellet, og gjekk av med sigeren i månadens bilete i august! No er september her med haustlys og gyllent lauv, og kanskje er det du som fangar det beste blinkskotet i september?
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterer til åpent møte Surnadal sjukeheim, kantina onsdag 17. september kl 18:00, da kommer Anna Marie og Karl Laugsand på besøk.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til rusletur/kløvertur måndag 15. september. Oppmøte ved Sanitetshuset.
Les heile saka
Torsdag 18.september kl.18 startar vi oppatt med bøt & bedring oppi Skulstuå. Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. Kortstokken er nyblanda og klar for eit slag amerikaner.
Les heile saka
Tysdag 16. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre til ny fjelltur. Denne gongen er målet Naustådalsetra.
Les heile saka
Torsdagens inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Vindøldalen. – Kraftige vindkast, men med 20 grader i september, gjorde at det vart ein fin tur, fortel Wenche Ø. Kvendset i Stavganggruppa.
Les heile saka
Søndag 14. september frå klokka 12:00 – 14:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til sosialt samvær på Tjønnmyran. Da serverer Trimgruppa kaffe og bakels med graut.
Les heile saka
Fredag kveld, den 12. september, byr Normisjon og Misjonssambandet på Song- og musikkveld i Eidet bedehus. Arrangementet startar kl 18:00 og byr på både solosong, allsong, musikk, kåseri, dikt og andakt m.m. Det blir mange bidragsytarar, – vi kan nemne Oddveig Helset Halle, Svein Volle, Vidar Rygh med fleire.
Les heile saka
Det er ikkje meir enn ein månad sia det var ramme alvor og husbrann i Bekkerhagan, der innsatsen frå lokale brannmannskap var avgjerande for resultatet. I kveld var brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal samla til felles øving i Todalen – viktig å øve i lag, slik at ein blir kjent både med kvarandre, utstyret og ikkje minst kvar ein skal finne vatn til slokking rundt omkring i bygda.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Tindan. Og nok ein gong vart dei ein kjempefin tur i skikkeleg fint haustvêr!
Les heile saka
Den årlege demensaksjonen står for døra, og neste veke står Surnadal demensforening og helselag i samarbeid med Rindal demensforening som arrangørar av årets aksjon. Tysdag møtte dei to leiarane Surnadalsrussen for å brife mannskapet til årets innsamlingsaksjon som går av stabelen i neste veke.
Les heile saka