Surnadal demensforening og helselag inviterer til HJARTEMARSJ måndag 3. juni kl. 18:00. Oppmøte og parkering ved Søyabanen, Kvanne.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterer til HJARTEMARSJ måndag 3. juni kl. 18:00. Oppmøte og parkering ved Søyabanen, Kvanne.
Les heile sakaSom kjent, så fekk Toåa tursti «vaska» bort ein del av toppdekket på delar av turstitraseen under uvêra vinteren og hausten 2022. I dag har Carsten og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar lagt på nytt toppdekke på dei plassane der uvêra i 2022 vaska dette bort. Det var Per E. Gjeldnes maskin som leverte og lasta grusen.
Les heile sakaFor Knut er det viktigast å få til god stemning. I helga har han vore pizzakokk på Hageland – både laurdag og søndag har han baka pizza og delt ut folk både på veg inn og ut frå Hageland i Surnadal. Og Knut han fekk skryt for sine gode og nysteikte pizza, som kom rett frå sin vedfyrte steinomn.
Les heile sakaSol og varmt, grønt og frodig – mai har vore ein finversmånad.
Les heile sakaSvinviks arboret inviterer omvisning i hagen onsdag 29. mai. Start kl. 12:00. Fagansvarleg Katarina Bladh er omvisar.
Les heile sakaFredag 31. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!
Les heile sakaTreeiningssøndagens gudsteneste i Todalen kyrkje var prega av lys og varme. Omtrent like mange var til stades i kyrkja som det var varmegrader. Det vil seie i underkant av tretti. Denne søndagen avsluttar første halvdel av kyrkjeåret, og markerer starten på halvdelen uten store kyrkjelege høgtider.
Les heile sakaEdvard Fliflet Bræin og Alf Ramsøy var fødde i august og september i 1924, Bræin i Kristiansund og Alf i Todalen. Søndag 26. mai var det markering av 100-årsjubilantane på bygdemuseet på Åsen.
Les heile sakaEirik Vang Aas (22) frå Kvanne, som sykla for landslaget til Norge, gjorde ein stålande innsats under sykkelrittet Tour of Norway, Eirik vann klatretrøya i firedagarsrittet Tour of Norway, som samlar verdas beste syklistar, både frå inn- og utland, så dette var ein utruleg sterk prestasjon av Eirik.
Les heile sakaTysdag 28. mai tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag nok ein tur til ein nabokommune. Da er nemleg turmålet Fløystadfjellet (Skarven). Fløystadfjellet ligg på Kanestrum i Tingvoll kommune, og toppen ligg på 653 meter over havet.
Les heile sakaUnder Vårsøghelga sin Kleivakveld på Kleiva no i kveld, var nok utdelinga av Kleivaprisen det gjevaste innslaget . Årets Kleivapris gjekk til Oddveig Helset Halle, kantor i Surnadal kommune fram til februar i år, da ho gjekk over i pensjonistane sine rekker. Ho har vore kantor i Surnadal kommune i meir enn 30 år og bor i Stangvik. Det var ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen som delte ut Kleivaprisen.
Les heile sakaUnder ein seremoni under Vårsøghelga sin Kleivakvelden på Kleiva no i kveld, fekk SKUV (Surnadal konseptutvikling) tildelt 50 000 kroner frå Kleivafondet. Det var ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen som stod for utdelinga, og det var Øystein Hjelle Bondhus, styreleiar i SKUV som tok imot prisen på vegne av SKUF.
Les heile saka