Hauststormen Amy laga litt av eit kaos i Toåa tursti, der stien går gjennom Gunnøyskogen. Her var det mykje stor older som hadde gått overende og sperra for trafikk dei første dagane etter stormen. Men gudmund Kvendset bretta opp ermane og sette i gang med oppryddingsarbeidet med motorsag.
Les heile saka
Den siste veka har det vore sending frå Stangvika der dei to laga konkurrerer på vegen innover til Toadal. I episode 12 kom dei til Todalshytta. I episode 13 på Todalshytta og i gapahuken på Tjønnmyran blir det overnatting. Kva slags aktivitetar vi får sjå veit vi ikkje for det er hemmeleg til sendinga startar på TV Norge i kveld frå kl 20:30 til 21:30. Still inn på TV Norge!
Den entusiastisk stordansaren Rune Hanem med fylje, kjem frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i Todalspols. Han ynskjer no å lære frå seg denne fine dansen, som han sjølv fekk lære av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære denne polsen.
Les heile saka
Måndag 13. oktober klokka 19:00 kjem Arild Stavrum til Surnadal bibliotek for å lansere sin nye roman «Ukyssede sko», ein drivande historisk roman om idrett, klasse, sjalusi og kjærleik! Vi inviterer til bokbad kor forfattaren blir intervjua av sin redaktør Kari Joynt.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening arrangerer basar torsdag 23. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.
Les heile saka
Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, i samarbeid med Hammerstuene og Martha Torvik, inviterer i år til gratis og rusfri lågterskeljulefeiring for absolutt alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene onsdag 24. desember klokka 13:00 – 15:00.
Les heile saka
Todalen historielag inviterer laurdag 22. november klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Nordmøres store spelemann Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875.
Les heile saka
Ordførar Hugo Pedersen åtvara mot at folk sjølve skal starte rydding av trefall etter stormen «Amy» som herja i helga. I dag starta ryddearbeidet i stranda utafor Todalshaugen med mannskap frå Veidekke og Svorka som var forsterka med gravemaskin med tømmerklo og hogstmaskin/lastbærar med Lars Bjarne Mauset attafor spakane.
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Det er begrensa kapasitet for tungtransport inntil vidare, melder Fjord 1 tysdag 7. oktober klokka 8:30. Alt kl 9:00 meldes det om normal drift i sambandet!
Stormen «Amy» herja i Todalen første helga i oktober. Men måndag 6. oktober var det stilt og godt turver.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, får vi ei oppsummering av uvêret Amy sett frå Svorka sin ståstad. Det har utan tvil vore ei travel helg både for Svorka og S-Nett, men alle har stått på for at vi skal få att straumen. Det er berre å rette ein stor takk til både Svorka og S-Nett for jobben dei har gjort med straumnettet i helga! No ventar eit stort og omfattande arbeid med å reparere straumnettet etter Amy sine herjingar. Pressemeldinga les ein nedanfor:
Les heile saka
I samband med «Friluftlivets år», inviterer «Treffastgjengen» på Surnadal frivilligsentral fredag 10. oktober klokka 12:00 – 14:00 alle til felles fottur til «Treffasthytta» i Skeisnebba.
Les heile saka