Torgeir Solheim Moe er meisterfotografen bak bilete som stakk av med sigeren i kåringa av månadens bilete i februar. Vi gratulerer!
Les heile saka
Torgeir Solheim Moe er meisterfotografen bak bilete som stakk av med sigeren i kåringa av månadens bilete i februar. Vi gratulerer!
Les heile sakaI helga har det vore WorldCup-satsing for landslaget i randonee – laurdag var det sprint som stod på programmet, og det vart ein stor dag for dei norske deltakarane klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen. I klasse menn senior deltok Hans Inge Klette (13.-plass), Erik Kårvatn (24.-plass) og Trym Dalset Lødøen (28.-plass) – her var det 76 deltakarar. I dameklassen startet Ida Waldal, som hamna på ein 37.-plass og kom ikkje med vidare.
Les heile sakaLaurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Les heile sakaDet var stor interesse for å lære om poding av frukttre, da Svinviks Arboret arrangerte podekurs laurdag ettermiddag. Det kom faktisk eit trettitals deltakarar både frå fjern og nær for å ta del i kurset som faktisk har vorte ein årleg happening i arboretet. Instruktørane på kurset var Sven Olav Svinvik, Ola Bruset, og den nye museumsgartnaren Patrik Nilsen.
Les heile sakaDet blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 18.mars kl.18. Triveleg treffstad for å slå av ein prat samstundes som ein får bøta klede, som får lengre levetid. Igjen ein kveld der berekraft har fokus:) Spelekroken er og klar med kort, yatzy og kinasjakk. Sal av kaffe og gode kaker.
Venner av Skulstuå ynskjer alle hjarteleg velkomne!
I ei pressemelding frå Alti no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Alti har fått «Bærekraftprisen» for andre år på rad. Prisen vart utdelt på Retail Arena i går kveld. Retail Arena er Norges største konferanse for handel. Under konferansen fekk altså Alti Forvaltning/Aurora Eiendom tildelt «Bærekraftprisen».
Les heile sakaSalmekonsertar fyller mange av landets kyrkjer for tida. Som lokal pådrivar inviterer koret P17 onsdag til songkveld i Todalen kyrkje. – Her svingar det stilmessig frå bedehus og søndagsskule til Mozart og Beethoven, seier styret i koret.
Les heile sakaTysdag kveld hadde KNT – Kristiansund- og Nordmøre Turistforening sitt årsmøte i Kristiansund. Foruten vanlege årsmøtesaker var det tid for skifte av leiar som stod på agendaen – etter 28 år med leiarklubba så nytta Eirik Gudmundsen høvet til å takke av frå dette vervet.
Les heile sakaI siste halvdel av mai blir den 13. utgåva av Surnadalsmagasinet distribuert til alle husstandane i Surnadal, Rindal, Sunndal, Tingvoll, Heim, Aure, Smøla, Orkland, Rennebu, Oppdal og Kristiansund kommunar. I år er første gongen magasinet også blir distribuert i Kristiansund.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 15. mars tida frå kl. 13:00 til 16:00.
Les heile sakaSurnadal bibliotek inviterer onsdag 19. mars klokka 19:30 til spennande forfattarmøte med TV-profilen Arill Riise i Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei. Det er gratis inngang, og det blir høve til å kjøpa signerte utgåver av Arill Riise si bok «Der ingen var einsam».
Les heile sakaNo er det tid for ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie tysdag 18. mars.
Les heile saka