Førstkomande søndag (26.8.) er det klart for årets Trollheimsmarsj. Det er den 4. i rekkja, og går etter same trase som tilegare, med start frå Bordholmen stadion , over Vardan og til målgang på Leikvoll Stadion på Ålvundeid. Det er ein flott dagstur, som høver både for vaksne og born i lag med vaksne, der det er lagt inn ein turstikonkurranse på turen over fjellet. Både marsjen og turstikonkurransen er premiert med fine premiar!
Les heile saka
Vi minner om at det er open pub på Pakkhuset Kro på Todalsøra laurdag kveld. Det er ope frå kl 21.00 og utover, og alle er velkomne til ein triveleg pub-kveld!
Søndag kl 15 er det A-lagskamp på Bordholmen igjen. Da møter de lokale menn Dahle 2. Laget har så langt vunne berre to kampar, den siste mot Halsa på torsdag, etter ei scoring av lagkaptein Jan Terje Moen på frispark. Karane har enda tilgode å hente ein tre-poengar på heimebane skriv IL_Søya på si heimeside.
Verneormrådestyret for Trollheimen ser bort frå dei mange klagene som er komne, og opprettheld si innstilling om å tillate bygging av turistforeningshytte i Naustådalen. Det blir begrunna med utgangspunkt i naturmangfaldlova, og er basert på forvaltningsplanas ønskje om å flytte meir av trafikken i Trollheimen mot dei vestre områda som tåler meir trafikk.
Les heile saka
Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G-14 gjorde ein fin innsats under Norway Cup tidlegare i sommar. No er det snart tid for seriestart, og frå Ingri Bruset har vi fått tilsendt påminning og bilder som er teke av laget under Norway Cup. Ho skriv i e-posten: «Sender bilete av G14-laget til Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen som var på Norway Cup. Det er tre todalingar som er med på dette samarbeidslaget. Dei hadde eit fint opphald i Oslo, og heile laget hadde det kjekt ilag såg det ut til.»
Les heile saka
I kveldinga var rundt 70 elevar, med foreldre, småsøsken og nokre tilsette samla til ei sosial samlingsstund ved Todalen Oppvekstsenter. Her fekk elevane og foreldra frå Stangvik oppvekstsenter høve til å bli litt kjent med kva Todalen skule har å by på medan deira eigen skule no snart skal totalrenoverast. Einingsleiar Bjørn Høivik tok med seg dei ulike klassane rundt om på skulen slik at dei fekk sjå kva som har vorte endra slik at det skal bli plass nok for alle å opphalde seg her i ombyggingsperioden.
Les heile saka
Dersom du lurar på kva helikopteret dreiv og snokra etter i dag, så kan vi røpe den hemmelegheita. Det var nemleg Svorka Energi som inspiserte kraftlinjene, for å sjå om det er skade på linja eller isolatorane, slik at det er naudsynt med reparasjon eller utskifting. Linjenettet fekk nok hard medfart under vinterstormane, og særleg var det ille under julestormen «Dagmar», da straumen var borte over eit døgn i Todalen.
Les heile saka
I morgon, torsdag 16. kl 18 inviterer dei to FAU’a ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter til ein bli-kjent-dag med lokasjon på Todalen Oppvekstsenter. Dette er eit arrangement for alle ungane, foreldra og dei tilsette ved dei to oppvekstsentra som skal tilbringe det neste skuleåret i lag.
FAU stiller med grillar, kaffe og gode kaffebrød.
Les heile saka
Har du tenkt deg til å prøve laksen i Toåa i sommar? Da begynnar det å haste, for årets fiskesesong sluttar ved midnatt onsdag kveld. Da er det slutt for både laks- og aurefiske, etter ein sesong som kan omtalast som midt på treet. Todalen elveeigarlag har ikkje heilt oversikten enno, så vi får kome attende med litt statistikk når fangstrapportane er kome inn.
Les heile saka
Ved passering av Pilskaret i formiddag så måtte vi kjøre i gangfart på grunn av alle hola som har dukka opp igjen. Todalen.no hadde ei sak på dette i mars, og fekk da kjapp respons fra Kolo Veidekke om at her skal det ordnes opp, og det vart etter nokre dagar vart det fylt på grus slik at vegen vart farbar igjen. Utover våren og sommaren har det gradvis vorte verre og nå var det altså tid for å følgje opp saka. På tur ned bygda igjen var jammen Kolo veidekke komne til Pilskaret.
Les heile saka
Ikkje alle ungar kan ta det som ei selvfølge å «hussere» i lag med dei andre på skulen eller i fritida. Tøffingen Kristian Hauglann Talgø er eit av desse unntaka. Likevel er han den aller barskaste av dei alle i si aldersgruppe som er i Todalen. Kristian skal til hausten byrje i 5. klasse, og er født med lidelsen Osteogensin im perfekta. Det vil seie at han er beinskjør. Han fekk sitt alle første beinbrudd som 1 åring etter eit fall i traktorspor, men fekk ikkje fastslege diagnosen før han var 3 år gamal.
Les heile saka
Vinnar av månadens bilete for juli blei May-Elisabeth Holten med biletet «Skal vi svømme til lands no, tru?». Vi gratulerer, takker alle bidragsytarar og lovar at premien blir overbragt snart.
Les heile saka