Onsdag kveld var det dugnad på Bordholmen stadion for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som er på laurdag den 29. juni. Det vart vaska i klubbhuset, slått gras rundt anlegget og sett opp telt.
Les heile saka
Onsdag kveld var det dugnad på Bordholmen stadion for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som er på laurdag den 29. juni. Det vart vaska i klubbhuset, slått gras rundt anlegget og sett opp telt.
Les heile sakaI samband med «Midtsommar i Surnadal», inviterte Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) store og små til ettermiddagstreff i og ved Surnadal kulturhus tysdag ettermiddag og kveld. Responsen på invitasjonen kunne har vore betre, men dei som kom fekk i alle fall servert is, kaffe og juice.
Les heile sakaTysdag avslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongen med tur til Middagshaugen. – Enn at den siste turen vår før sommarferien skulle bli så fenomenal flott! Med 28 – 29 plussgrader og blå himmel i vakker fjellnatur med vidt utsyn!, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.
Les heile sakaI en pressemelding melder Talgø at Øystein Halle er ansatt som administrerende direktør i Talgø MøreTre AS fra oktober 2024.
Halle kommer fra stillingen som fabrikksjef i Pipelife Norge, en stilling han har hatt siden 2014.
Onsdag 26. juni klokka 17:00 inviterer Todalen Idrettslag til dugnad på Bordholmen stadion, for å klargjere anlegget til Todalsdagen 2024. Det skal slåast gras, ryddast, vaskast litt, settast opp telt og settast på plass benkar og bord.
Les heile sakaMåndag starta skyttarlaget med skyteprøve for storviltjegrar og bur seg til hausten og storviltjakta. Jegrar som jaktar storvilt med rifle, må ta ein årleg skyteprøve, og du må ta ein skyteprøve for kvart våpen/rifleløp du skal bruke. Du må som storviltjeger ha med det dokumentasjon for bestått jegerprøve når du går på jakt.
Les heile sakaTorsdag 27. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur. Denne gongen går turen til Todalen og Nauståfossen.
Les heile sakaTysdag 25. juni, frå klokka 18:00 inviterer Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) store og små til ettermiddagstreff i og utanfor Surnadal kulturhus. Her blir det forskjellege aktivitetar.
Les heile sakaVelkomen til yogatime i kveldssol ved fjorden starter kl. 18.00.
Link til påmelding:
https://solpopupyoga.offeringtree.com/offerings/yoga-i-svinviks-arboret
Pris: kr. 250 kr, inngangsbillett til arboretet er inkludert.
Tysdag 25. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Kvenndalen og «Fintenkjarplassen». Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvennbøen.
Les heile sakaI samband med «Midtsommar i Surnadal» så inviterte Surnadal Open til «Kunstnatt» fredag kveld. Første post på programmet var i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Her fortalte Siri Skjerve og Toril Redalen om samarbeidsprosjektet dei starta da dei studerte saman på Kunsthøgskolen i Oslo, og som dei kallar «Line Made by Walking». Dette er eit samarbeid som ikkje er knytt til eit spesifikt prosjekt, men eit samarbeid dei brukar for å lufte idear og få gjennomført kunstprosjekt.
Les heile sakaPå plattingen framfor Svorkabygget på Skei hadde Svorka rigga til «Open dag» i samband med Sommar i Surnadal. Dei inviterte til nystekte bakels til kaffen. I tillegg var det rigga til fleire apparat, der du kunne delta i konkurransar. På baksida av Svorkabygget var det høve til å bli med på prøvekjøring av ATV – sjølvsagt eit populært tilbod til gutar i høveleg alder.
Les heile saka