Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Midt-Norsk meister og NM debutant

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. august 2025

Ola Vikan (13 år) frå Nordvik, vart tidlegare i sommar Midt-Norsk meister i motocross klasse MX 85 13 – 15 år. På laurdag NM-debuterte han med ein imponerande sjuande plass under NM på Lunner Motorsportsenter. 

Les heile saka

Blå resept nå!

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. august 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Sanitetshuset måndag 25. august kl. 17:45. Temaet for møtet er kvinnehelse: Hormonbehandling i overgangsalderen.

Les heile saka

Flott Søyacup, sjølv om det var vått og kaldt

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. august 2025

Laurdag inviterte IL Søya til 2025 utgåva av den tradisjonelle Søyacupen på Søyabanen. Vêrgudane spela absolutt ikkje på lag med arrangøren, men dei klarte heldig vis ikkje å øydelegge fotballgleda for verken spelarane eller publikum.

Les heile saka

150-årsmarkering av at storspelmann Halvor O. Ørsal vart fødd

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. august 2025

Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875. På Wikipedia står det at han vart fødd i 1876, men historielaget har sjekka kyrkjebøkene, og her står det at han var fødd i 1875, så da er nok det rett.

Les heile saka


Nysnø i fjella – vinteren kryp innpå…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. august 2025

Når skodda letta litt på lokket i dag, så fekk vi sjå at vinteren har banka på døra.  Vårt bilde er frå Storfjellet og Grinaren, men det var og nysnø på dei andre toppane, slik som Skjeringfjellet, Snøfjellet og i Kjerringa.  I dag skriv vi 22. august, og det er vel inga bombe at vi får signal om at det går mot ein ny vinter.

Les heile saka


Inviterer til «felles middag» onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. august 2025

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 27. august klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert karbonadar med potet, ertestuing, gulrot og brun saus.

Les heile saka

God innspurt på fisket i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. august 2025

Det tegnar til å bli ein bra innspurt på fisket i Toåa i august. Den siste veka (veke 34) er det alt gjort 11 fangstar – 7 laks og 4 sjøaurar.  Dei 11 fiskane har ei gjenomsnittvekt på 2,6 kg, der den største laksen er på 7,0 kg og vart teken ved Steinutgarden i Brusetmarka sist tysdag. 

Les heile saka

Telia-nettet framleis nede

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. august 2025

Vi har også i dag vore i kontakt med Telia kundeservice, og dei kan no fortelje at servicefolk er på plass for å rette feilen, men at dei ikkje kan seie noko eksakt tidspunkt for når feilen er utbetra.

Les heile saka