Pressemelding frå Friluftsrådet:
Stikk UT! Stifond er midler som skal brukes til «førstehjelps-tiltak» på Stikk UT!-stier med slitasje i Møre og Romsdal, samt Heim i Trøndelag. Fondet er et samarbeid mellom Sparebanken Møre og de to friluftsråda i fylket; Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd.
Les heile saka
Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn – Veidekke er no ute med støvsugaren sin for å pusse litt rundt vegkantane og dermed redusere støvplaga. Det er mykje strøsand som er pøsa ut i løpet av vintersesongen, og noko av sanden blir nok liggande att.
Les heile saka
Nordvik Grendalag ved 17. mai-komiteen inviterer til tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Nordvik forsamlingshus 17. mai klokka 15:00. Her blir det sodd, tale for dagen, leikar for ungane og kaffe og kaker.
Les heile saka
Den 14. oktober i 1980 var den første elgen felt i Todalen. Det var ein elgokse, og den vart felt innmed Falla i Gammelseterdalen, innafor Kårvatn. Det var Ragnar Halle som felte elgoksen som var 324 kg i slaktvekt. Elgoksen var slakta og partert på staden, og frakta heim til Kårvatn med ryggsekk.
Les heile saka
Rundt lunchtid torsdag var Telia sin basestasjon i Todalen igjen «på lufta» med normal dekning. Basestasjonen i Todalen har vore ute av drift sia søndag kveld. Det har vore tildels stor misnøye med at det har teke så lang tid å rette feilen på basestasjonen. Telia sine kunder i Todalen har berre kunna bruke telefonen på heimebane ved å koble opp via privat wifi. Dette er uholdbart sett i ein beredskapssamanheng.
Da Surnadal Sparebank, no SpareBank 1 Nordmøre, bygde nytt hovudkontor og flytta inn der i 2010, vart alle barnehagane i Surnadal kommune inviterte til banken for å pynte dei store vindauga til 17. mai-feiringa. Dette vart starten på ein årleg tradisjon, der alle barnehagane siste veka før 17. mai blir invitert til banken for å pynte til 17. mai.
Les heile saka
Nicole Nordvik og dei andre jentene på Surnadal J 17 2 lag tok onsdag kveld turen til Molde for å spele seriekamp mot Træff 1. Det vart ein målrik kamp i rosenes by og Nicole scora hattrick, og sikra dermed seier for Surnadal J 17 2.
Les heile saka
Tysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbudet Surnadal turen til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune fortel Lars Gudmund Røen i ein epost til redaksjonen.
Les heile saka
Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:
Les heile saka
Vi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, ellerr berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!
Les heile saka
Todalen Idrettslag inviterer også i år alle til «nasjonalsdagsfrokost» 17. mai klokka 11:00 i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Russen er spesialinvitert, og får gratis frokost om dei kjem i russeutstyr!
Les heile saka
I Todalen har det vore store utfordringar med mobildekninga for Telia sitt nett. Heilt sia søndag kveld har nettet vore ustabilt og det har skapt mange problem – ikkje minst for Talgø sitt sentralbord. Vi har no fått informasjon at det skal være ting på gang, og at det skal være håp om feilretting onsdag.
Les heile saka