Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) Jenter inviterer alle jenter i alle aldrar til å prøve leirdueskyting på Angråmyra skytebane torsdag 4. juli klokka 18:00 – 21:00. Dette passer for alle, og det er mogleg å låne hagle om du ikkje har dette sjølv.
Les heile saka
Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten rapport frå gudstenesta i Todalen kyrkje søndag. Kjell Gunnar skriv: «Gudstenesta søndag handla om å vera utsending for Jesus, opprinneleg dei tolv apostlane. Det dei starta med vart eit nettverk som i høgste grad eksisterer enda i dag. Det har nådd ut til milliarder, og prost Vidar Rygh poengterte at den stafetten skal vi vera med å bringe vidare».
Les heile saka
Todalen Elveeigarlag har fått med seg Start 4H og Todalen Idrettslag, og saman skal dei arrangere ein sosial og inspirerande ettermiddag i august, der rekruttering av nye fiskarer står på agendaen.
Les heile saka
Isak Drøpping og Erik Kårvatn bekreftar at dei er i god VM-form. Dei deltek i ungdoms-VM i Skyrunning i Bar i Montenegro. For Isak vart det ny pallplass, da kan kom inn på nest beste tid 01:02:28 i klasse B (16-17 år) – 00:03:18 etter spanjolen Biel Sagues Rovira som hadde bestetid på 0:59:10. Dermed var ei ny sølvmedalje sikra. Isak og Erik representerer Randonee-landslaget og klubben Trollheimen Fjellsportklubb.
Les heile saka
Da har vi lagt inn Remidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for september og oktober blir lagt ut i slutten av august.
Les heile saka
Laks nr 2 er iallfal komen i land, fortel Stig Husby som er leiar for Todalen elveeigarlag. No er det eit lite håp om at det er betring på gang – håpet er no at innsiget berre er forsinka.
Les heile saka
Det er nok mange store og små som tenkjer tilbake på barndommen, og hugsar dei mange duellane som har vore på Bordholmen under Todalshelger og Todalsdager som har vore arrangert i snart to mannsaldrar
Les heile saka
Aron var suveren i mål på Ræta Opp 2024. Med tida 10:41 forbedra han løyperekorden til Håvard Gjeldnes med 7 sekund. Håvard glimra med sitt fråvær i dag og dermed nytta Aron Rodal Haugen sjansen til å sette ny reekord. I dameklassen heldt Lisabeth Sæterbø stø kurs, og kom først i mål av damene på tida 13:13 – ho forbedra sin eigen løyperekord med 28 sekund.
Les heile saka
For ei veke sia vart 33 lakseelver stengt, og stor usikkerheit råder både blant laksefiskarane og hos elveeigarane. Den siste tida har vi sett mange eksempel på kor store konsekvensar dette får for mange lokalsamfunn. Det er til no teke ein laks i Toåa – egenleg snakkar vi om krise.
Les heile saka
Isak Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb imponerte stort da han kom inn på 2.-plass i dagens vertikal i Bar i Montenegro. Isak starta i klasse B (16-17 år), der det var 34 deltakarar frå heile verda.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 30. juni klokka 11:00. Det er prost Vidar Wilhelmsen Rygh er som er liturg på søndag, medan Erik Rosenius er organist.
Les heile saka
Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt «Sommarlotteri» har kome godt igang, og er no i innspurtfasen. Fredag 28. juni klokka 14:00 – 17:00 vil Økonomigruppa ha stand på Matkroken Todalen for førehandssal av lodd i «Sommarlotteriet», som har trekning klokka 14:30 laurdag 29. juni.
Les heile saka