Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inspriasjonssamling på Thon Hotel

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2024

Surnadal demensforening og helselag deltok fra fredag til søndag på fylkets Inspirasjonssamling på Thon Hotel i Surnadal. Her deltok helselag og demensforeninger fra hele fylket. Surnadal demensforening og helselag er et aktivt lag med mange aktiviteter og tiltak, men på samlinga var det mye inspirasjon og nye ideer å få fra andre demensforeninger og helselag i Møre og Romsdal.

Les heile saka

Tok i mot ny prest og nye konfirmantar

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2024

Flott salmesong og triveleg gudsteneste tok i mot nypresten og neste års konfirmantar i kyrkja i dag. Den nye soknepresten Pål Arne Winsnes hadde si første gudsteneste i Todalen i dag, samtidig som kyrkja tok i mot dei to nye konfirmantane som skal konfirmerast 10. mai neste år, og som no skal starte konfirmantopplæringa.

Les heile saka


Sikra seg pallplassar på Oppdal Fjellmaraton 2024

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. august 2024

I dag vart det ein fjerdeplass, ein 3.-plass og ein 2.-plass for deltakarane frå Trollheimen fjellsportklubb i Oppdal fjellmarathon.  Aron Rodal Haugen sikra seg nest beste tid på 22 km og sikra seg andreplassen etter Jona grønli frå Freidig – fattige 12 sekund etter. Aron leda ved 12 km og 17 km, med måtte sleppe framom Jonas i spurten inn mot mål. 

Les heile saka

Bli med Fjellgruppa til Skardfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. august 2024

Tysdag 3. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag går turen til Skardfjellet og det er oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvenndalen og opp til parkeringsplassen.

Les heile saka

Kulturvandring i Ålvundfjord

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. august 2024

Torsdag 5. september 2024 klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag, Sunndal Mållag og Sunndal kommune til kulturvandring i Ålvundfjord. 

Les heile saka


Søndag: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2024

Komande søndag er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Dette blir premiere for nypresten Pål Arne Winsnes her i kyrkja, og vi reknar med at menigheita tek i mot nypresten med god salmesong. 
Organist er Bernt Bøe og Randi V. Bøe er klokkar/tekstlesar.  Takkoffer denne dagen går til Misjonsprosjektet i Etiopia.

Les heile saka

Stavgangarane til Roparen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. august 2024

Torsdag hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang til Roparen. 27 spreke stavgangarar møtte opp i det verkeleg fine seinsommarvêret.

Les heile saka

Ferien over for medlemmane i pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. august 2024

Det blir sagt at pensjonistar har ferie heile året, men dette stemmer nok ikkje, i alle fall ikkje for medlemmane i Surnadal Pensjonistlag, for her er aktivitetsnivået høgt. Onsdag var det medlemsmøte i lokala til Frivilligsentralen på Skei, og det var mange medlemmar som fann vegen dit!  

Les heile saka

Driftsproblem stoppar Kvennaferga – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. august 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna driftsproblem vert ruta innstilt inntil vidare, melder Fjord1 i ei melding til Todalen.no. Vidare blir det meldt at det blir utført en tur fra Rykkjem til Kvanne kl 21:15, etter det vil sambandet være innstilt inntil vidare grunna tekniske problem. Til slutt blir det normal drift i sambandet frå kl. 23:15.


Fagdag som samlar heile byggmiljøet ved Storfossen

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. august 2024

Det er Byggmakkerbutikkane i Talgø som er vertskap når heile byggfagmiljøet på Nordmøre er samla til byggmesse på Gammelfabrikken.  Byggfagmiljøet vil seier at det er invitert snekkarar, entreprenørar, lærlingar og ikkje minst byggfagelevar frå vidaregåande skular på Nordmøre – både Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund – rundt 70 i talet.

Les heile saka