Laurdag 5. oktober inviterer Stangvik Grendalag til «haustpub» på Stangvikbryå ved Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har tidligare arrangert både «påskepub» og «sommerpub» med stor suksess, så siden det no er tid for oktoberfestar rundt om, dreg de til med «haustpub på Stangvikbryå.
Les heile saka
Dei siste dagane har det vore «mystisk» aktivitet i område mellom Veahuskaia og Elskarberget uti stranda. Mange har lurt på kva som har foregått, og kva som skal skje i dette området, med både ein fåte med mykje utstyr og ein båt som har vore bruka til fraktisng av utstyr og dei to som jobba på flåten.
Les heile saka
I vår har ein «kaffekrokens venner» kosa seg med å lage ved på Talgø gard. Og når vi seier kosa seg, så blir det sakt at det er meir sosialt samvær og tullprat enn arbeid, men når ein ser på mengden med ved som er fylt i store og små sekkar, så har det ikkje vore berre tullprat kan vi fastslå!
Les heile saka
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i dag invitert til stavgang i Vindøradalen. I tillegg til dei tjue stavgangarane frå pensjonistlaget, var det torsdag også med seksten elevar frå Surnadal videregåande skule på tur.
Les heile saka
I Skulstuå har dei starta oppkjøringa til 100-årsjubileet som går av stabelen komande laurdag. Da skal det feirast at Alf Ramsøy ville fylt 100 år i år, og da er det sjølvsagt mykje som skal på plass før ein startar feiringa. I Skulstuå var det ein gjeng som jobba med skaling av potet og kutting av grønnsaker og kjøtt som etter kvart skal bli ein velsmakande lapskaus.
Les heile saka
Tysdag 17. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag prøver Fjellgruppa på nytt å kome seg til Vassdalen innst i Vindøldalen. Som kjent var det meininga å gå denne turen sist tysdag, men da var vêret for dårleg, så no prøvar dei på nytt og håpar på betre vêr.
Les heile saka
Siri Skjerve og Toril Redalen sitt fellesprosjekt «Jordsmonn» er eitt av åtte prosjekt som til saman får 2,075 millionar kroner i tilskot frå Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Pengane skal gå til å skape arbeids-, visnings- og produksjonsfellesskap innan kulturell- og kreativ næring. Siri og Toril får 250.000 kroner i tilskot i tildelinga.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 23. september.
Les heile saka
Søndag 15. september klokka 12:00 – 15:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til Jakt- og fiskeskole i Søyådalen, der temaet er mat på primus.
Les heile saka
Stadig flere får diagnosen demens eller Alzheimer – selv om det aldri har vært brukt mere på forskning og tiltak mot denne snikende sjukdommen. Nå er det tid for en ny og landsomfattende innsamlingsaksjon for å få inn penger som skal brukes til forskning.
Les heile saka
Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag Invitert til fjelltur til Vassdalen. Men med regn og skodde langt ned i liene vart dei fjorten som trossa vêret og møtte opp, samde om å utsette den turen til ein dag med betre vêr.
Les heile saka
Anders Moe har framleis trua på at han skal finne att Natiri, sjølv om håpet etter kvart går meir over i håplausheit. Det er no 9 dagar sia shibaen Natiri forsvann som dugg for sol, da dei var på tur til Vassnebbvatnet og Rambjøra. I mellomtida har det vore leita etter Natiri – både i området rundt Styggdalen og Litjfjellet, utan resultat.
Les heile saka