Laurdag kveld tenner vi opp på peisen og lager ein triveleg kosekveld på Todalshytta, seier vertskapet Cristy og Arve Evensen på Todalshytta. Etter ein travel sommarsesong gler dei seg no til å invitere gjestar til ein kosekveld med god mat og drikke.
Les heile saka
Oktober starta med hustre ver; gråkalde dagar og regn, men og solgløtt. Folk som er ute på tur blir lett litt opptekne av veret, sjølv om det heiter: «Det fins ikke dårlig vær, bare dårlige klær!»
Les heile saka
Onsdag 23. oktober klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.
Les heile saka
På fredag kunne driftsleiar for Toåa tursti, Ivar Bolme på vegne av Todalen Idrettslag overta den nye garasjen Talgø Bygg har bygd og sponsa turstien med. Den nye garasjen skal huse kantslåmaskina og slodden som blir brukt for å halde turstien velstelt gjennom sommarsesongen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening arrangerer basar onsdag 16. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.
Les heile saka
Kvart år den 15. oktober, markerer Svorka den nasjonale «Elsikkerhetsdagen». Elsikkerheit handler om trygg bruk av elektriske anlegg og utstyr i heimen. Elektriske feil og manglar er ei av dei vanlegast årsakene til brannar i Norge, og konsekvensane kan vere tragiske, med tap av både materielle verdier, og i verste fall liv. Det er viktig å hugse at ein som huseigar har ansvaret for å sikre at det elektriske anlegget er i god stand.
Les heile saka
Eg meiner at dette er det beste produktet vi har laga ever, seier Håkon Solem, som er sekretær og marknadsansvarleg for revyen ARMODgeddon. Revyen skal ha premiere 31. oktober, og neste førestilling er laurdag 2. november.
Les heile saka
Onsdag 16. oktober klokka 13:00 viser Seniorfilmklubben filmen om «den britiske Schindler». På Surnadal kino går elles filmane Drømmer, Den ville roboten og Den siste reisen – tilbake til Rivieraen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag 12. oktober. Godt oppmøte og triveleg samvær!
Les heile saka
Med heile 172 fleire stemmer enn nr. 2 i kåringa av månadens bilete i september, var det Nordlys over Romådalen som himmeldansa seg inn på førsteplass. Vi gratulerer fotograf Frode Grønmyr med siger!
Les heile saka
For eit par veker sia var det ein flott songkveld i Todalen kyrkje, der P17-koret stod som arrangør, og fylte kyrkje med songglade sambygdingar og andre som lika å synge. No er turen komen til Åsskard kyrkje, der det skal være songkveld onsdag kl 19.30.
Les heile saka