Søndag kveld var det lysmesse i Todalen kyrkje – det skjedde midt i mørkret i ei verd full av ufred og krig, der neste års konfirmantar tente fredslyset i håp om fred. Eit trettital – rundt halvparten av alle konfirmantane frå heile Surnadal deltok i lysmessa og tente lys og sørga for tekstlesing og framførte dagens preike på ein framifrå måte.
Les heile saka
Fredag 13. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmar seg jul, og det blir mellom anna for fullt koka smultringar hos Lia gard. Så vil ein sikre seg smultringar eller noko anne godt til jul, kan det vere lurt å førehandsbestille til fredag!
Les heile saka
Fredag 27. desember klokka 16:00 inviterer Skulstuå i Todalen alle til Surnadal kino på Surnadal kulturhus der filmen Svein Åge Saksen laga i samband Alf Ramsøy sin 80-årsdag på Surnadal kulturhus i 2004.
Les heile saka
Denne søndagsmorgonaen er det 3 gevinstar i adventlotteriet til Todalen Idrettslag. På denne dag er det altså trekt ut 3 gevinstar som har fått sine vinnarar. Den første gevinsten er eit sitteunderlag i ull (om det er strikka eller hekla er vi usikker på) og heldige vinnarar er Gunhild og Håkon Brøndbo som bur på Brubakkan.
Les heile saka
Mangel på godkjenning av ein nymontert vaier i alpinanlegget gjer at opning av anlegget må utsettast. Dette kan det kanskje bli ei ordning med alt på måndag, skriv Driva Tidlegare i veka var det kuldegrader i lufta og produksjonen av kunstsnå var i gang.
Les heile saka
Thea Saksen startar helga som den heldige vinnar av eit par Selbuvottar i ull. Det er dagens første gevinst av i alt 4 som er trekt ut som vinnarar for laurdag 7. desember.
Les heile saka
Komande laurdag kveld – 7. desember – arrangerer Todalshytta årets rakfiskaften. Da bys det på rakfisk med alle typar tilbehør – og ein triveleg førjulskveld i Kammerpike Edits Spiseri. Bestill bord på SMS/telefon 929 97 550 til Arve Evensen. Kjøkkenet er ope i tidsrommet 17:00 – 21:00
Les heile saka
Fredagens første gevinst går til May og Tor Holten som har vunnet middag på Cafe Fyret på Skei. De øvrige 3 gevinstane har fått andre vinnarar:
Les heile saka
Juleheftet «Jul på Nordmøre» gikk ut i ein fei da dei endeleg kom til Matkroken Todalen. Redaktøren Lars Steinar Ansnes hintar om at det no er ny forsyning på veg til Matkroken Todalen.
Les heile saka
Under Surnadal Pensjonistlag sitt julebord onsdag, fekk Oddmund Solem tildelt «Eldrearbeidsprisen» 2024. Det var ordførar Hugo Pedersen som stod for utdelinga av prisen.
Les heile saka
Søndag 8. desember klokka 19:30 inviterer Todalen Sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje. Neste års konfirmantar er medhjelparar under lysmessa denne søndagen. Liturg søndag er prost Vidar W. Rygh, medan Oddveig Helset Halle er organist.
Les heile saka
Torsdagens første gevinst er eit flott sokkpar i ull som går ovom Falla til Kjell Gunnar Polden som den heldige vinnaren. I dag er det også heile 4 gevinstar som deler seg med halvparten av vinnarane er innenbygds og andre halvparten utenbygds.
Les heile saka