Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utvidar kinotilbodet.

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. januar 2025

No blir det også film på laurdagane på Surnadal kino. Dette skjer ved at Filmklubben nokre veker framover utvidar og viser filmar på laurdag klokka 12:00. Filmklubben gir eit tilbod som skal supplere kinotilbodet med å vise gamle filmar, eller nyare filmar som kinoen ikkje har vist. Dei som arbeider på dagtid har ikkje fått tilgang til dette tilbodet, så no prøver Seniorfilmklubben seg litt fram med tre laurdagsfilmar i tillegg til dei faste visingane på onsdagane.

Les heile saka

Tek kontroll på isen utover stranda

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2025

Ranes Maskin ryddar plass til isen utover stranda frå Drivhammaren og utover i retning Hjellneskrysset.  I den kalde perioden som har vore den siste tida har det samla seg opp utruleg mykje is, og i dag er Geir Magne Bredesen frå Ranes Maskin i gang med å rydde vekk isen.

Les heile saka

Bli med ut på trim

Jon Olav Ørsal Sundag 12. januar 2025

Det er Elinor Bolme – leiar i Todalen Idrettslag – som oppfordrar til å bli med ut i frisk luft.  – Vi trefte Elinor saman med elghunden Sako i Toåa tursti søndag ettermiddag. Elinor reklamerer med kjempefine forhold for trim både i Toåa tursti og i lysløypa på Tjønnmyran. 

Les heile saka


Gratis nyttårsfest for eldre

Jon Olav Ørsal Sundag 12. januar 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterer eldre til nyttårsfest på Thon Hotell Surnadal.  Det skjer Torsdag 23. januar kl 17:00, og leiar Liv Botten ber om påmelding på telefon 957 29 719 seinast onsdag 15. januar

Les heile saka


Strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Fredag 10. januar 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. januar i tidsrommet 13:00 – 16:00. 

Les heile saka


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. januar 2025

Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte onsdag 12. februar klokka 19:00 i kommunestyresalen på Surnadal kommunehus. Vanlege årsmøtesaker, loddsal og enkel servering. 

Les heile saka

IL Søya kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. januar 2025

Styret i Idrettslaget Søya kallar inn medlemmane til årsmøte måndag 3. mars klokka 20:00. Årsmøtet blir avvikla i idrettslaget sitt klubbhus ved Søyabanen.  

Les heile saka

Kjør forsiktig – hjorten kjem brått på!

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. januar 2025

Etter det siste snøfallet er det ein del snø langs vegane.  Spesielt er det slik trafikk der hjorten blir tiltrekt av siloballar eller andre ting som fristar.  Hjorten kjem fort det lønner seg å være oppmerksom  og førebudd når du passerer med bil.  Dei siste dagane har det vore fleire hjortar i Evja nedafor Husby, men det er også andre plassar der det ferdast mykje hjort.

Les heile saka

Test av naudvarsel onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. januar 2025

Onsdag 8. januar klokka 12:00 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er altså berre ein test, så ein treng ikkje foreta seg noko. 

Les heile saka