Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Digitalt pizzalotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. juni 2025

I dag startar Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der dei loddar ut 5 gavekort på valfri pizza frå YX i Surnadal. Kvart lodd kostar kroner 20,- og kan kjøpast på Vipps 527926. Trekninga skjer fredag 6. juni klokka 20:00, så da kan dei heldige vinnarane eventuelt kose seg med pizza i pinsa! 

Les heile saka


Kløvertur til Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. juni 2025

Todalen sanitetsforeninga inviterer til ny kløvertur måndag 26. mai. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå klokka 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

80 år sia krigen slutta – Vi må aldri gløyme

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. mai 2025

Det er Nordmøre Forsvarsforening som står attafor Krigsminnemuseet på Åsen.  Dei har tilhald i den gamle skulebygninga på Eidet, som nok har sett sine beste dagar – det er faktisk berre så vidt at dei enkle vindua held nordvesten og regnvêret ute.  Laurdag arrangerte foreninga den årlege dugnaden, og da var det tid for å flikke på den gamle skulebygninga – både utvendig og innvendig.

Les heile saka

Trefte kjentfolk på Færøyane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. mai 2025

Norsk sigar- og lutfisklaug er ein gjeng reiseglade personar frå Møre og Romsdal og Trøndelag, som minst ein gong kvart året møtest for sosialt samvær. Ofte reiser dei også på tur saman, til reisemål både innanlands og i det store utland.

Les heile saka

Så gjekk turen til Svorka

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mai 2025

Denne veka gjekk stavgangturen til Bæverdalen og til Svorka.  På grunn av Kristi himmelfartsdag på torsdag, var turen denne veka framskunda til onsdag, og det var vi nok heldige med reint vêrvmessig.  Det vart ein fin tur til ein fin plass, og sjølvsagt kosa vi oss med kafferast før vi igjen tok på heimtur.

Les heile saka



Tømmerdrift i utfordrande terreng

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mai 2025

I Halanesset, frå Stormyrhaugen og utover til Skrøå er det stor tømmerdrift i regia av Allskog og Sollid Skog AS.  Dagleg leiar Bjørn Kåre Sollid fortel at det tilsaman er 2.600 m3 med grantømmer som skal sages ned og fraktes fram til veg.   – Vi har ei utfordring med tømmerdrift i dette terrenget, og det gjeld både hantering av vatnet og med tanke på kor brattlendt det er.  Vi ser det i ettertid at det kanskje skulla vore vinsja fram herfra. 

Les heile saka

Tjue spreke pensjonistar til Skarvans topp

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. mai 2025

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre på fjelltur til Skarvan. Parkeringsplassen ved Nordviksetra var utgangspunktet for dei tjue fjellvandrarane som vart med på turen. 

Les heile saka

Løysningsorienterte cuparrangørar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. mai 2025

Laurdag 28. juni er det Drivacup på Syltøran stadion i Surnadal og laurdagen etter, den 5. juli er det TodalsCup på Bordholmen stadion i Todalen. To tradisjonsrike cupar med ei lang historie bak seg. For spørsmål om TodalsCupen, ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707. For påmelding, send e-post til bjorn.gunnar.ansnes@outlook.com

Les heile saka

Slåtten er så smått komen i gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. mai 2025

I dag har vi observert to slåttakarra. Ola Kvendset er i gang med siloslåtten og han fortel at 1.-slåtten er «midt i laget» når det gjeld mengde. Den kalde vêrtypen vi har hatt i kombinasjon med mykje reg har gjort at graset ikkje er tidleg ute. No treng vi varme dersom vi skal få god grasvokster og gode avlingar.  

Les heile saka