Dersom du har observert ein rød veidekkebil med ei lang arm frampå, så er det Steinar Furali frå Elverum som er på tur rundt bygda for å reparere dei største hola i asfalten. Han sprøyter hola full med ei slags asfaltblanding, og så legg han på eit «lokk» med strøsand på toppen.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne siste dagen i september gjekk turen til Fauskåfjellet.
Les heile saka
Talgø MøreTre ligger ved Surnadalsøra i Surnadal kommune og er en del av Talgø-konsernet. I 2024 hadde Talgø MøreTre en omsetning på 495 millioner og 85 ansatte. Anlegget ble overtatt av konsernet i 1997, og er i dag en betydelig aktør på det norske trelastmarkedet og markedsledende innenfor royalimpregnerte fasadeprodukter.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen frå dei siste åra med kortreist julekalender. I samband med dette er dei avhengig av at gode givarar bidreg med kalendergåver.
Les heile saka
Jan Melsåsen og Audun Døving frå Norva Miljøservice er denne veka i full gang med septiktømming i Todalen. Dei reknar med at dei treng 2-3 veker før dei er ferdige her, dersom det ikkje skjer noko spesielt. Da er det viktig at du har gjort klar for tømming, slik at dei finn septikkummen og får det til å gå radig.
Les heile saka
Tysdag 30. september er sesongens siste dag i trimåret 24/25, og «På tur i Todalen 24/25» i trimpoengappen blir avslutta, og blir onsdag 1. oktober erstatta av den nye «På tur i Todalen 25/26». Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også den komande trimsesongen.
Les heile saka
Pensjonistforbundet Surnadal og Surnadal Eldreråd inviterer til markering av Eldredagen 2025 i Surnadal på Hammerstuene torsdag 2. oktober frå klokka 14:00.
Les heile saka
Kaffekroken på Matkroken Todalen er i dagleg bruk og her blir mangt eit verdsproblem løyst, og nokre nye laga, men framfor alt er kaffekroken ein viktig arena for sosialt samvær og hygge! Tysdag stilte Kjell Gunnar Polden med bakelsrøre og nykoka graut og inviterte til bakels og graut.
Les heile saka
På Todalen.no får vi med oss litt av kvart som vi kan by lesarane våre på. I dag vart det ein litt uvanleg aktivitet, for vi klarte å mase oss til å få bli med på sprengningsøving. Linjemannskapet har enkelte gong behov for å sprenge vekk tre som ligg over straumlinja – da kan det være livsfarleg å gå på jobben med motorsag. Da er det å sprenge vekk trea som kan være løysinga – både praktisk og ufarleg. Ein kan nemleg gå unna på sikker avstand før ein sprenger.
Les heile saka
Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Nordmøres store spelemann Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875.
Les heile saka
Siste måndagen i september gjekk gjekk kløverturen frå Svinvika til Snøyå etter den eldste vegen frå Svinvika innover til Todalen.
Les heile saka
Fredag 3. oktober. august frå klokka 11:00 markerer Lia gard kanelsnurrens dag med ope bakeriutsal. Da kan ein sjølvsagt få kjøpt kanelsnurrar, men også anna fersk og frossen bakst, så det er berre å ta turen.
Les heile saka