Remidt melder om slamtømming i Todalen i oktober – nærare bestemt er det vekene 40- 41 og 42 som er sett av til tømming i Todalen. Det er Norva24 Miljøservice frå Stryn som utfører oppdraget på vegne av Remidt, og tømming blir normalt utført annakvart år. Du vil få nærare informasjon om korleis du må førebu deg på tømminga.
Les heile saka
Surnadal kommune etterlyser forslag til kandidat til Eldrearbeidsprisen for 2025. Frist for å kome med forslag er sett til 1. oktober. Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011 og vi lyser no ut etter kandidatar for 2025. Prisen skal gå til person, lag eller foreining som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Grytbakksetra.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterte til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. september. Oppmøtet var godt – mestå fullt hus, og foreleserane var engasjerte og kunnskapsrike.
Les heile saka
Surnadal kommune melder at årets influensa- og koronavaksinering i kommunen vil gå føre seg i perioden tysdag 21. – fredag 24. oktober. Alle dagane klokka 09:00 – 15:00. Oppmøte på Familiens Hus ved kommunehuset på Skei. Kommunen ber dei som ønsker vaksinering i haust om å nytte seg av dei oppsette dagane.
Les heile saka
Måndag 1. september starta Ann-Mari Rovik (36) i jobben som administrerande direktør i SpareBank 1 Økonomipartner. Nedanfor kan ein lese ei pressemelding Økonomipartner i dag sendte ut, der dei fortel litt om Rovik og verksemda si.
Les heile saka
Torsdag 26. september kl 11:00 tek vi haustens siste stavgangtur til Øygardshalsen. Vi parkerer ved klubbhuset på Vang skiarena og fortsetter til fots til Øygardshalsen som er målet for stavgangturen denne dagen. Etterpå blir det kafferast i klubbhuset på Vang.
Les heile saka
Fredag 26. september frå klokka 09:00 til 14:00 inviterer Surnadal kommune til Boligdagen 2025 i Kammerset på Surnadal kulturhus. Her kan ein få svar på det ein lurar på om framtidig busetting og bustad.
Les heile saka
Svorka inviterer onsdag til to informasjonsmøter om Norgespris. Det første informasjonsmøtet tek til klokka 10:00 på Surnadal kulturhus og er spesielt tilrettelagt for dei som brukar teleslynge. Det andre møtet er på klokka 14:00 på Svorka-bygget.
Les heile saka
Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag rettar ein stor takk til alla som har vore med og bidrege til at årets demensaksjon ga ny innsamlingsrekord. Årets aksjon endte opp på 144.540 da dei slo strek i dag, og det er altså ny rekord.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. september kl. 18:00 i Sanitetshuset. Kjem du?
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22. september. Turmålet er gapahuken på Tjønnmyra. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Vel møtt!
Les heile saka