Strengen er eit av dei tolv Stikk UT-måla i Surnadal kommune. Sjølv om Strengen er berre 890 meter over havet, så er det ein fantastisk flott og variert utsikt frå toppen. Her ser ein ut mot havet, flystripa på Kvernberget, fjordar, dalar, bygder, vatn, Kvennaferjå og ikkje minst fjell i alle retningar.
Det er mange ulike ruter opp til Strengen, men Stikk Ut-turen er merka frå Vang. Det er ein utruleg fin tur oppetter ein god sti, tørr og lett å gå utan vanskelege parti. Her møter ein og minne fra tidlegare tider. Det er merke etter gamle setrer og fjøs, – stien er delvis bearbeidd, store steinheller er brukt som bruer, og enkelte plassar er stien hellelagt. Friluftsrådet skriv: «Frå parkeringsplassen ved Vang er det mest umuleg å gå feil.» Det stemmer – turen er kjøle godt merka.
På toppen av Strengen er det linkstasjon. I tilknytning til denne vart det bygd eit hus her oppe sommaren for 33 år sidan. Firmaet Lønheim frå Kristiansund stod for bygginga, og Hans Gundersen var arbeidsformann. I dag tok han turen opp for å sjå om huset stod!
Det ersvært mange som tek turen opp til Strengen, somme tek det som treingstur medan andre som familekos. I finveret i dag var det i alle fall ein kjøle fin tur.