Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagen før dagen – snart er det klart Kårvatn Sky Race 2022

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2022

Da fristen for påmelding gikk ut ved midnatt i går var det 56 påmeldt til årets Kårvatn Sky Race.  Arrangøren, Trollheimen Fjellsportklubb er imidlertid litt romsleg med påmeldinga og reknar med nokre etteranmeldte, slik at deltakartalet kjem opp på 60-talet og dermed på omtrent same nivå som i fjor.  

Her blir star og målgang – på plassen framfor butikken til Kårvatn Fjellutstyr. Foto Jon Olav Ørsal

Fredag kveld var det travel aktivitet med å få alt på plass, slik at den første starten for trim- og familieklasse starter kl 10:00.  Konkurranseklassane startar kl 11:00 – det gjeld både 15 km og 27 km løypene for konkurranseklassane.  Dei siste dagane har det vore stor aktivitet med merking av løyper og rydding av trasèar.  Dt er nemleg heilt ny trasè i år – både for 15 km og 27 km.  Den går innovertil Naustådalsvatnet og utover over toppane på Strankåbotnfjellet, Tveråbotnfjellet, begge toppane på Tydalsnebba og via Kvennåbotnvatnet til Talgønebba før det ber ned til Kårvatn for målgang. 

Det har vore knytt stor spenning til lørdagsvêret, men no lovar yr.no ein ny finvêrsdag uten nedbør, og med litt fønvind så har det fått tørka litt, og det er i ferd med å bli fine forhold.  Det er også ein god ide å ta turen opp i fjellet for publikum, slik at vi kan få litt heiagjeng langs løypene i fjellet.  

Publisert: 19. august 2022, 18:33