Snart er det klart for startskotet for Todalsdagen 2014. Fredag kveld var det hektisk aktivitet for å få alle førebuingane unnagjort og det var dugnad både på Bordholmen og i Ungdomshuset for å få alt klart til starten laurdag morgon. Mange var innom redskapshuset på Bordholmen med mange fine lopper, og det er enno ikkje for seint å levere. Rekk du det ikkje i kveld, så har du mulegheit i morgon tidleg. Loppemarknaden opnar kl 10.00.
På asfaltplassen var det andre restaurantteltet under montering. Alt skal være klart for å trekke over duken laurdag morgon når kiosken opnar og servering tek til. Vêrtilhøva ser bra ut for laurdagen, så det er forhåpentleg vis ikkje behov for tak over haudet for nedbøren si skult, men det kan kanskje være godt å kome i skuggen når mat og drikke skal takast inn.
I Ungdomshuset var matkomiteen i full gang med matlaginga. Store mengdar med grillmat skal ut på kort tid utover dagen, og da er det greit at det er lettvint å få etterfylling på kjøkkenet og på grillen. Frå grillen vil du også bli tilbygg eksotisk grillmat som vårrullar og grillspyd med mykje godt på.
Startskotet for fotballturneringa går altså kl 09.30 laurdag morgon, og da går det slag i slag utover til langt på dag, og fortsetter laurdag kveld med konsert og fest i Todalen ungdomshus kl 21 når Glittertid entrar scena. Her finn du komplett program for Todalsdagen 2014 i bla-versjon!