Torsdag er dagen derpå i Todalen. Etter det store raset som gikk onsdag føremiddag har det nerast vore unntakstilstand i bygda. Det første døgnet har vore prega av stor aktivitet med å organisere funksjonar som har stoppa opp på grunn av strømmangel og mangel på veg inn i bygda. Svorka har gjort ein kjempejobb, og fått på plass 4 store agregat som forsyner deler av bygda, men enno er det flertalet av abonnentar som manglar strøm. Forøvrig blir det eit nytt informasjonsmøte på Talgø torsdag kl 14.00
I forbindelse med igangkjøring av strømagregat ber Svorka om at folk slår av unødig strømbruk, slik at dei kan forsyne flest muleg med den strømproduksjonen dei får til frå agregata. Det er mest naudsynt med å få i gang kjøl- og fryseutstyr, slik at ein unngår at mat blir ødelagt.
Ei lokal beredskapsgruppe er etablert og sørger for å i vareta viktige funksjonar og spesielt er omsorg for eldre sett i fokus. Dette skjer i samarbeid med familimedlemar og Todalen sanitetsforening. Det står no strømagregat og putrar rundt heile bygda, med dersom det tek på tida vil nok drivstoffsituasjonen bli vanskeleg. Det er lite drivstoff att på tankane på HalsOil, slik at det vil bli prioritert salg av drivstoff for bruk på agregat og til båtdrift.
Det ser ut til å være mobildekning både på Telenor og Netcom torsdag føremiddag, etter at det ble tilførsel av strøm frå agregat.