Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da vart det vedstakk

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 13. september 2024

I vår har ein «kaffekrokens venner» kosa seg med å lage ved på Talgø gard. Og når vi seier kosa seg, så blir det sakt at det er meir sosialt samvær og tullprat enn arbeid, men når ein ser på mengden med ved som er fylt i store og små sekkar, så har det ikkje vore berre tullprat kan vi fastslå!

Ivrige karar som likar å halde på med ved. Foto: Kjell Gunnar Polden

Men primus motor, Kjell Gunnar Polden understrekar at det viktigaste er det sosiale, og da er det rom for tullprat også! 

Ingeniør Kjell Øyen i full gang med å lage vedstakken. Foto: Kjell Gunnar Polden

Arbeidet med veden var ferdig på mai, men Kjell Gunnar har hogge litt i sommar også, så medan han kappa og kløyvde enne, kom han på at det hadde vore artig å lage ein vedstakk. Han lufta ideen for «kaffekrokens venner», som tente på den med ein gong. 

Overbakelssteikar Anders Halset. Foto: Kjell Gunnar Polden

Fredag var gjengen difor samla på Talgø gard for å legge opp veden i ein vedstakk. Og sjølvsagt vart det servert både kaffe og bakels!

Så var vedstakken ferdig, og det var tid for kaffe, bakels og sosialt samvær. F.v. Nils Gjeldnes, Anders Polden, Kjell Øyen, Anders Todalshaug, Ragnar Halle og Anders Halset. Foto: Kjell Gunnar Polden

Publisert: 13. september 2024, 13:15