Søndag inviterte Skihyttegjengen til bakelslag på Skihytta. I det fine vêret var det mange som tok turen og rundt 25 personar vart traktert med kaffe og bakels på terrassen på Skihytta. Knut Halset er «kjøkkensjef» og sørga for å få start på agregatet, slik at det vart varme i dei 3 bakelsjarna.
Knut hadde fleire god hjelparar til transport av råvarer til bakelsproduksjonen – og jammen gjekk det unna både med bakels og kaffe, og gjestane kunne kose seg på terrassen i det fine vêret.
Frå Sondre halset har vi fått eit utval bilder frå «bakelsdagen» på Skihytta – sjå om du ser kjentfolk? Alle foto Sondre Halset