Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da jaga «Tjuandedags-Knut» jula ut!

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. januar 2025

Det var ikkje «Tjuandedags-Knut» sjølv da, men Todalen bøgdalag med gode hjelparar, som demonterte den tradisjonelle julegata si måndag kveld. Bøgdalaget si julegate, mellom Matkroken Todalen og Talgø, blir tent første søndag i advent og teken ned att rundt tjuandedag jul kvart år. Og årets demontering gjekk unna i rekordfart og var ferdig på rundt tre kvarter. 

Jo Gjeldnes (ved flaggstanga), Torkjel A. Moe og Svein Håvard Brøndbo. tok ned julegata. Foto: B G Ansnes

Med mange plussgrader på gradestokken og opphaldsvêr var det gode forhold for gjengen som demonterte julegata måndag kveld. Arbeidet vart som nemnt gjennomført i rekordfart og heile julegata pakka ned på godt under ein time. Etterpå var det kaffelag i kaffekroken på Matkroken Todalen med kaffe og vienerbrød. Her fekk dei etter kvart selskap av trimmarane som hadde vore på Hett & Svett og trimma, så det vart eit stort og triveleg kaffelag som markerte slutten for julegata 2024/25.  

Publisert: 14. januar 2025, 07:56