Tysdag opna Ahmad Almalat sin nye matbutikk Family market i Elektrogården på Skei. Den nye asiainspirerte matbutikken vil ha tørrvarer, kjøle- og frysevarer, frukt og grønnsaker. Butikken vil vere eit suplement til matbutikkane som allereie finst i Surnadal, spesielt med tanke på krydder, sausar, grønnsaker og eksotiske frukter.
Almalat kom frå Syria til Norge i 2015, og har sidan 2016 bodd i Rindal. Han er utdanna skreddar i heimlandet Syria, men har dei siste tre åra vore butikkmedarbeidar på Rema 1000 i Surnadal.
Almalat har sidan tidleg i fjor haust arbeidd med å pusse opp og tilpasse lokala til opninga tysdag. – Jeg er glad for endelig å kunne åpne dørene, noe jeg har sett frem til lenge, seier Almalag. – Dette er en drøm jeg har hatt lenge, som nå går i oppfyllelse, legg han til.
Almalat kan fortelje at Family market vil ha opent kvar dag, inkludert søndagar.
Almalat håper no at folk set pris på den nye butikken, og går det bra, så ser han ikkje bort i frå at han på litt sikt vil utvide butikken og vareutvalet.