Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da er Toåa tursti reparert etter uvêrsherjingane

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mai 2024

Som kjent, så fekk Toåa tursti «vaska» bort ein del av toppdekket på delar av turstitraseen under uvêra vinteren og hausten 2022. I dag har Carsten og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar lagt på nytt toppdekke på dei plassane der uvêra i 2022 vaska dette bort. Det var Per E. Gjeldnes maskin som leverte og lasta grusen.  

Da er Toåa tursti nyskråpa! Foto: Elinor Bolme

Det var spesielt eit par delar av traseen ovanfor Gunnøya som fekk ein del skadar under dei to uvêra i 2022, og som no i dag fekk påkøyrd nytt toppdekke i dag. Driftsstyret for Toåa tursti var i ettermiddag ute og skråpa turstitraseen. 

Da er alt klart til mange fine turar i den fine turstien vår att! Foto: Elinor Bolme

Sidan ein er komen så langt uti vekstsesongen, vart det teke ei «lettvintløysing» denne gongen. Så får vi håpe at vêrgudane let turstien vår vere i fred dei neste sesongane!

Toppdekket på dei nygrusa partia er litt lause enda blir det rapportert, men dette vil gå seg til ganske snart når grusen har fått sett seg. Da er det berre å ønske god tur! 

 

Publisert: 27. mai 2024, 19:51