Torsdag gjorde Per E. Gjeldnes Maskin ferdig siste parsell av Toåa tursti. Fram til no har det vore ein omlag 200-250 meter lang smal grus-sti som stod att før turstien kunne reknast som heilt ferdig. No har altså denne parsellen òg fått same universelle utforming som resten av turstien, frå gapahuken ved Båthølen og nedover til Hallsetbrua. Den universele utforminga gjer at òg folk med rullestol og barnevogn no kan bruke heile turstitraseen og dermed få full glede av Toåa tursti.
I går kveld, omtrent akkurat to år etter første dugnad i turstien, vart den nye parsellen raka. Da er det berre å vente på litt regn, slik at toppdekket «sett seg» og blir fint og hardt, slik som resten av turstitraseen.
Ved gapahuken, i Båthølen, vart det lagt på meir grus, slik at ein no kjem seg inn på plattingen ved gapahuken med rullestol og barnevogn. Resten av arbeidet her er tenkt utført på dugnaden på måndag kveld.
Da attstår berre papirarbeidet før prosjektet er heilt ferdig. Todalen Idrettslag skal no laga sluttrekneskap for prosjektet, slik at dei kan få utbetalt dei løyvde Tippemidlane og momskompensasjonen for byggeprosjektet, Tippemidlane og momsrefusjonen utgjer tilsaman rundt 600.000 kroner.
Den totale byggekostnaden for prosjektet er på rundt 1,2 millionar kroner inkludert dugnadsarbeid. To av dei mange pådrivarane for prosjektet, nyvald leiar i Todalen I.L., Michal K. Heimlund og leiar i Trimgruppa, Elinor Bolme, rosar alle involverte grunneigarar, sponsorar, entreprenør og alle dei som har vore med på dugnadsarbeidet i Toåa tursti. – Utan denne velvilja og innsatsen frå alle som har bidrege, hadde det rett og slett ikkje vore mogleg å fått realisert dette prosjektet, seier Heimlund.
– Vi kan vere stolte av turstien vår og dei fasilitetane vi har fått til i tilknyting til den. I tillegg ligg den idyllisk til og er tilgjengeleg for alle, legg Bolme til.
Når ein ser på anlegget slik det no framstår og den daglege aktiviteten som er i turstien, er det lett å vere samd med Heimlund og Bolme i dette! Todalen har fått ein flott tursti vi kan vere stolte av og som vil vere til glede for alle i bygda vår og for tilreisande som vil ha eit lågterskel-turmål!
Måndag 10.mai klokka 18:00 er det dugnad i Toåa tursti. Da skal resten av gruslasset ved gapahuken, som vart levert denne veka, trillast ut. Det skal og rakast litt og takast ned nokre tre langs turstitraseen. Ta difor med trillebåre, spade og jarnrive, eller alternativt motorsag og anna utstyr for trefelling.