Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da er skisesongen i gang!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 10. desember 2019

Etter melding frå Idrettslaget om nyoppkjørte løyper vart det tur oppå Tjønnmyran for å prøve skiene og sjekke forholda. Det er berre å slå fast at skiføret midt på dagen tysdag er riktig godt, og at det er flotte dårer for klassisk stil og breie trasear for skeising! Her er det rom for alle.

Ola Bruset og Sissel Ingjerd Redalen synest det er kjekt at ta fram att skiene etter sommaren. Foto: Dordi J H

Båe Ola Bruset og Sissel Ingjerd Redalen var alt ute og testa skiene og forma da Todalen.no var på plass i løypa. Båe to var glade for at Idrettslaget så fort hadde fått ordna så fine dårer; kjekt å ta fram att skiene etter ein lang pause. Skigåing er kjøle god trim for heile kroppen! Dei sette også pris på at det kom informasjon på todalen.no om dette.

Stikk UT! Ski

Stikk UT! Ski startar sesongen 15. desember, da opnar registreringa for skiturar. Tjønnmyran er eitt av turmåla denne vinteren og.

Dei andre turmåla i Surnadal kommunen er:

Margretlia, Garthøglia og Løålikjølen på  Nordmarka.

Klåberget og Øygardshalsen, båe turane startar frå klubbhuset på Vang skiarena.

Holtamoen, lysløype i Øvre Surnadal.

Da er det berre å håpe at ver og vind ikkje øydelegg skiføret med det første, og at det blir ein fin skisesong!

Flotte løyper! Foto: Dordi J H

Godt med snø. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 10. desember 2019, 15:34