Natt til 17. januar herja stormen med hengebrua ved Heggøyan, slik at brua har vore stengt heilt til no – i påvente av at reparasjonsarbeid skulle utførast. Det har vore litt att og fram om kva som skulle gjerast, men i dag var det Per E. Gjeldnes Maskin og Gunnar Nordvik som hadde reparert brufesta og stramma kablane, slik at brua igjen kunne tas i bruk.
Det var gangbanen som var vrengt slik at det kunne være farleg å passere over brua, men no er altså dette retta opp og det impregnerte dekket blir no festa med ekstra skruar, slik at det blir stabilt. Det er no 20 år sia brua vart renovert med nye pålar, og nytt dekke i 2002.
Brua blir i dag bruka mest av trimmarar og laksefiskarar, og trafikken over gangbrua går på eige ansvar, bli det poengtert. Det er Todalen bøgdalag som har finansiert reparasjonen av hengebrua ved Heggøyan.