Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da er det fritt fram for badeliv, oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 2. juli 2023

Kvart år er det knytt stor spenning til når Hønhalsen går av.  Et gamalt sagn seier at når Hønhalsen går av er det sommar, og badelivet kan starte.  Det kan være store variasjonar frå år til år, men den tidlegaste datoen som er registrert i nyare tid er 12. juni, medan av av dei seine datoane er 14. juli (2020). 

På nært hald ser Hønhalsen slik ut. Det er lite snø att no, så «høna» forsvinn nok fort no dersom det blir mildvër. Foto Jon Olav Ørsal

Både i 2021 og 2022 gikk hønhalen av den 27. juni og i år trudde vi det var den 2. juli – og at det hadde skjedd i «nattens mulm og mørke».  – Men der tok vi nok feil, for Ingrid Pedersen kan berette at det skjedde alt på fredag den 30. juni – medan Åshild Halle trur det var i går på laurdag 1. juli.  Knut Halset såg at halsen på «høna» delte seg – og det skjedde i 18-tida, laurdag 1. juli.  Dermed basta!

Torill Talgø har også fått med seg begivenheita og sendt oss eit bilete – teke litt lenger unna. Foto Torill T.

Publisert: 2. juli 2023, 10:49