Onsdag kveld var det vårdugnad på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter. Her har nemleg Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag inngått leigeavtale med Surnadal kommune for å ha campingplass.
Så onsdag var det ryddedugnad på området. Graset vart slått og gamalt lauv raka og køyrd vekk. Heile området vart også rydda, så no er alt klart til å ta imot campingturistane.
Todalen bøgdalag har kjøpt ei hytte som skal brukast til utleige på campingplassen. Her blir det 3 – 4 sengeplassar. Litt arbeid står att før hytta kan takast i bruk, men den vil vere klar til opninga 1. juni. Dusj og toalett blir det i garderobeanlegget på skulen. Bobilparkeringa vil vere på den asfaltterte delen av skuleområdet, medan telt kan settast opp på graset rundt skuleområdet.
Elles vil el-syklane også få sin heim på skuleområdet denne sommaren. Det vil også bli montert elanlegg slik at ein kan få straum til campingbilar og campingvogner, men det blir ikkje høve til å lade el-bilar på anlegget.
Da er alt klart til ein ny campingsesong i Todalen, og Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag ønsker alle velkommen til vakre Todalen!