Endeleg vart det nokre dagar med finvêr og sol. Da måtte det bli tur til Lauvåfjellet for å nyte sommaren og freden i fjellet. Turen opp lia er dryg i Todalen, og kvennsetlia er ikkje noko unnatak. Men sjølv om det er drygt når det «står på», så får ein skikkeleg belønning når ein kjem opp. Det finns neppe nokon betre følelse enn å få av seg ryggsekken og ta ein lang pause, og med panoramautsikt som ekstra bonus.
Nedafor finn du eit bildegalleri med nokre glimt frå turen. Alle foto: Jon Olav Ørsal