Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da blir det aktivitet i gymsalen att!

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. desember 2021

Todalen Idrettslag har no fått på plass ein avtale med Surnadal kommune om å få låne gymsalen ved Todalen skule vinteren 2021/22. Det blir aktivitetear i regi av idrettslaget tysdagar og torsdagar. Det blir ikkje mogleg å dusje etter aktivitetar, og det er ein garderobe som vil vere open for sko- og klesskift. Her vil det og vere mogleg å bruke toaletta. 

Tysdag- og torsdagane  er det Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som disponerer gymsalen i tidsrommet 18:00 – 20:00.  Da vil det vere aktivitetar for barn og ungdom som står på programmet. 

Tysdagane frå 20:00 – 22:00 er det planlagt volleyball, medan torsdagane frå 20:00 – 22:00 førebels er ledig for aktivitetar som f.eks. dametrim, gubbetrim eller andre aktivitetar. Alt av utstyr som Todalen Idrettslag eig, og som har vore lagra i gymsalen er fortsatt der, så det er utstyr til å drive med mange forskjellege aktivitetar. I tillegg er mykje av utstyret som tilhøyrte Todalen skule framleis lagra der, og kan nyttast til aktivitetane. 

Så dersom nokon har aktivitetar dei ønskjer å halde på med på torsdagane frå 20:00 – 22:00, er det berre å ta kontakt med Michal K. Heimlund, for å få disponere tida som er ledig. 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 5. desember 2021, 14:03