Kristiansund og Nordmøre Havn IKS presentere i dag sin nye cruisemanual for Kristiansund. Markedsansvarleg Erika Indergaard fortel i ein epost at manualen har vore gjennom ei betydeleg oppgradering, både med hensyn til innhold og design. -Vi har fleire nye tilbud, både lokalt og i regionen, f.eks. fotoutstillinga «Bacalhau da Noruega» og utflukt til Tingvoll med verdas beste ost og økoparken.
Nytt og spennande er muligheta for cruise på Todalsfjorden. Her vil det være mulig for dei mindre skipa å ta passasjerar i land for ulike utflukter lokalt. Destinasjonen freistar med attraksjonar som Svinvik arboret, Kårvatn med Nauståfossen, Todalshytta og Svinvikrunden. Til neste utgave kjem kanskje Svinvik Gard med også?
Andre aktiviteter det er verd å nemne er nye uteaktiviterer:
- Høyt & Lavt klatrepark i Valsøyfjorden, vi har (etter ønske fra rederiene) egne
- vinteraktiviteter i skøytehallen og gåtur i maritime Kristiansund
- VIP-aktiviteter som havrafting og sightseeing med småfly eller helikopter.
I tillegg finn ein bestselgarar og klassikarar som:
- Atlanterhavsvegen i ulike kombinasjoner (Håholmen, Kvernes stavkirke, Bergtatt),
- Grip, Sundbåten og Klippfiskmuseet, og
- Aktiviteter som fiske, selsafari og gå-/vandreturer på ulike nivåer. Vi tilbyr også
- Temacruise i samarbeid med Operaen i Kristiansund, og
- Utflukter til Smøla og Hitra.
Kristiansund og Nordmøre Havn IKS ser fram til å få manualen ut til rederier og agenter i nettverket sitt – dei er sikre på at den vil bli meget godt motteke. Mange rederi etterspør nye destinasjonar og nye tilbud lokalt. Trykket på dei største og mest kjente norske fjordene er enormt, og ein rekkje havner har derfor innført begrensningar på antall anløp og type cruiseskip. Samstundes veks markedet for cruise med mindre og luksuriøse skip, og ekspedisjonscruise til mindre tilgjengelege strøk, som store skip med tusenvis av passasjerer ikkje har muligheit for å nå. Med andre ord eit bredt og variert utbud av utflukter og aktiviteter tilpasset ulike kundegrupper, avsluttar Indergaard i sin epost.
Sjå heile Cruicemanualen her:Kristiansund og Nordmøre som cruisedestinasjon