Sjølv om dei kom landevegen kan ein neste seie at dagens besøk i Todalen var dei første cruice-gjestane i år. Det var Nordmøre Senioruniversitet som kom med ein busslast, og starta sitt program I Svinviks arboret og fortsette til Halsesamlinga i skulen, og runda av med litt Talgø-historie og ein kaffedråpe på Gammelfabrikken før dei drog vidare til Surnadal.
John Moe frå Todalen historielag var med som kjentmann på turen i Todalen, og starta på i Svinvik og var med til Gammelfabrikken.
I Surnadal var det Surnadalsøra og middag på HammerStuene som stod på programmet, før dei returnert til Frei og Kristiansund, der dei høyrer heime. Det er nok flott å ta ut på tur i slikt vêr som vi har hatt dei siste dagane, og bussane er nok utstyrt med airkondition slik at det ikkje blir for varmt. Det såg iallfall ut til at denne gjengen kose seg på tur.