I ei pressemelding frå Surnadal kommune blir vi informert om at det er påvist smitte hos ein tilsett ved Surnadal legesenter, men gode smittevernrutinar ser ut til å ha forhindra vidare smitte.
Ein tilsett ved Surnadal legesenter har testa positivt for covid-19 etter ei reise utanfor kommunen.
Tiltak for å beskytte pasientane har vore tilfredsstillande. For sikkerheits skuld er eit fåtal pasientar følgt opp med testing i ettertid.
Legesenteret held ope med forsterka smittevernrutinar og ytterlegare testing. Det er venta overgang til normal beredskap i løpet av kommande veke.