Med gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag takkar Cathrine Grutle av som vikarprest i Stangvik-området. Siste året har den tidlegare Tingvoll-presten vikariert for Kristin Strand i Stangvik, Todalen og Åsskard kyrkjelydar.
Cathrine har fått prestestilling ved Bergen – i området der mannen Leif Endre er tilsett som prost. Det er Åsskard sokneråd som melder at ho no takkar av i og med denne søndagens gudsteneste.
Her er det elles dåp av to barn, takkoffer til Normisjon, deltaking av ei gruppe frå koret P17 – og kyrkjekaffe som vanleg.