Nathan Lediard driver firmaet Lediard Fotografi i Surnadal og er nok mest kjent som portrettfotograf og som helt til i lokalene til Børre Strand. Men Nathan kan meir enn å fotografere folk, og han seier at stadig større andel av oppdraga er oppdrag for industri og forretningsføremål. Måndag var han på Gammelfabrikken, der oppdraget var å fotografere nytt badinteriør til Talgø-kolleksjonen.
Talgø er etter kvart ein betydeleg aktør i markedet for baderomsinteriør, og det krev at kolleksjonen jamnleg blir fornya i takt med trendar, både når det gjelder design og fargar, fortel PU-sjef Anita Talgø som var stylist under fotograferinga.
På heimesida til Lediard Fotografi kan du sjå smakebitar frå oppdrag han har gjort den seinare tida.