Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Campingsesongen så vidt i gang

Elinor Bolme Torsdag 29. mai 2014

Campinglivet på Bordholmen er allerede i gang. Dei første overnattingsgjestane har allerede funne seg til rette på campingarealet ved klubbhuset. Det er banemannskapet på Bordholmen som er ansvarlege for drifta på campingen. Turistane har her tilgang til toalett og dusj.

Årets prisar er:

  • 50,- kr for døgnet og 250 for veka telt
  • 100,- kr for døgnet og 500 i veka for bobil/campingvogn.
  • Eit ekstra gebyr på 50,- pr dag/100,- pr veke tilkjem om dei overnattande ønsker tilkopla strøm.

Betaling for overnatting er det Matkroken som tek i mot av dei gjestane som er innom. Tømmestasjon for bobilar er det også å finne ved butikken. Camping i Todalen

image

 

 

Men ikkje alle tek i bruk dei tilrettelagte plassane, hverken i Todalen eller ellers rund om. Under er nokre som campa på rasteplassen uti Stranda rundt 19. mai. Utsikta er det ikkje noko å seie på.

todalen camping

 

Fine forhold for late dagar i Todalen. Snart startar laksefisket i Toåa, og da blir det nok litt meir belegg på anlegget.

 

Først publisert: 29. mai 2014, 10:17 - Sist oppdatert: 2. juni 2014, 22:42