Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Campingplassen ved Bordholmen klar for ny sesong

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

Etter at Todalen Idrettslag, på sitt årsmøte i mars, vedtok å legge ned campingplassen ved Bordholmen stadion, overtok Todalen Elveeigarlag, gjennom ein leigeavtale med idrettslaget, drifta av campingplassen. Elveeigarlaget leiger dusj, toalett og straum av idrettslaget. Elveeigarlaget har i løpet av våren måla veggane både dusjen og på toalettet. Så no er campingplassen klar til bruk, og det passar godt, sidan laksefisket tok til no ved midnatt, natt til i dag. 

Maria og Selma målar tak. Foto: Laila K. Bergli

Det er Laila K. Bergli som er ansvarleg for drifta av campingplassen. For bestilling og meir informasjon, ta kontakt med Laila på telefon: 930 83 455. 

Maria og Selma målar taket på toalettet. Foto: Laila K. Bergli

Maria og Selma har i vår drive med målararbeid på toalettet og i dusjerommet. Det er i tilegg gjort nokre utbetringar av dusjkabinettet, slik at anlegget no er fint og klart til bruk.  

Her er det veggen som får eit strøk med måling. Foto: Laila K. Bergli

Campingplassen har plassar for telt, campingvogner og campingbilar. Det er uttak for straum, for den som ønsker det. 

Ferdig måla. Foto: Laila K. Bergli

Prisane er justert litt frå i fjor, og er som følger: 

  • Campingvogn/bobil kroner 250,- pr. døgn og 1.200,- pr. veke
  • Telt kroner 150,- pr. døgn og 700,- pr. veke. 
  • Straum kostar kroner 30,- pr. døgn og 100,- pr. veke. 

Betaling skjer via Vipps 753453 (Todalen Elveeigarlag Camping) eller på Matkroken Todalen. 

Høgt og lågt! Foto: Laila K. Bergli

Da er det berre å ønske alle overnattingsgjestar velkommen til camping i Todalen!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. juni 2022, 07:00