Denne helga har Surnadal Jeger og Fisk samla ein gjeng ungdomsskuleelevar til villmarkscamp på Kårvatn, eller nærare bestemt på Sommarfjøsvollen. Dei starta fredag kveld, da Rune Gjeldnes heldt foredrag og fortale om dei mange ekspedisjonane sine til fleire eksotiske mål og til ekstrem kulde både på turane til Nordpolen og Sydpolen. Han la spesiell vekt på kor viktig det var med positive tankar for å lykkast på slike turar. Laurdag bar det ut i naturen, med base på Sommarfjøsvollen der det var planlagt overnatting i sjølvbygde gapahukar, og der dei måtte samle ved og lage bål. Dei laga også grue, der dei skulle lage elgsteik til middag når det leid mot kvelden.
Det er Lars Sæther som er ledar for prosjektet, og han fortel at formålet er at ungdomane skal lære seg å klare seg sjølve i naturen, samtidig som dei kan gjere det triveleg og lære å sette pris på det naturen har å by på. Han hadde fått med seg skikkeleg ekspertise i Rune Gjeldnes, Gudmund Kårvatn og Kristian Mossing. Her fekk ungdomane prøve å sette opp telt, lage bål, kajakkpadling og rafting og ikkje minst rappelering. Laurdag kveld skal dei lage elgmiddag, der elgkjøttet vert lagt i grua for å bli koka. Det blir nok spanande å smake når middagen skal serverast i 18-tida om kvelden. Seinar på kvelden blir det nok kos ved bålet, og kjenner vi Rune Gjeldnes rett så har han nok eit eller anna å fortelje om utover kvelden.
Det er 18 ungdommar som er med på opplegget, som skal ha av 3-4 samlingar gjennom året. Dei har tidlegare prøva sjølivet, og skal seinare til fjells på vintertur med ski. Spennande, tykkjer vi i redaksjonen!
Her er mange bilete frå Camp Nordmøre på Kårvatn. Alle foto: Jon Olav Ørsal