Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

California: Mista heimen sin i branninferno…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. oktober 2017

Nyheitssendingar frå California som har nådd oss har vore prega av store skogbrannar i Napa-regionen, og området rundt byen Santa Rosa der brannen har hatt katastrofal utvikling. Fleire tusen hus er brent ned det siste døgnet. Denne brannen har og vore katastrofal for Birgitte Kvendset og familien hennar, som i løpet av det siste døgnet har mista alt dei eig i denne brannen.  – Men dei har klart å berge seg sjølve unna, og er no evakuert til eit trygt område, fortel søstera Line Kvendset til Todalen.no

Etter brannen er det berre murpipa som står att – og postkassen. Foto: Birgeitte Kvendset

Det har vore sterk vind i området, og dei kunne alt natt til måndag kjenne røyklukt, og da vart det ganske fort snakk om evakuering på grunn av brannen som næra seg fort. Og snart var heile bydelen der dei bor eit inferno i flammar. Birgitte og Alberto har budd her i 20 år, og har altså no mista alt dei eig i denne brannen – hus og heim er flammenes rov.
Etter at flammane hadde gitt seg seint i går kveld var dei tilbake for å sjå, og kunne da berre konstatere at verste har skjedd og huset var brent ned og alt er borte – berre postkassen og murpipa står att. Litt av eit sjokk dette, og det vil nok ta lang tid før ting blir normalisert og alle husa bygd opp igjen. Men sjølvsagt er vi glade for at Birgitte, Alberto og dottera Madelen er i god behald midt oppi dette, seier Line.

Dette biletet har vi saksa frå nettsida til ei lokalavis i Santa Rosa – det er heilt ufatteleg at slikt kan skje.

Birgitte og familie har vorte rådd til å halde seg i ro der dei er evakuerte, da det kan være farleg å være ute både med hensyn til både brann og stengte vegar. – Line har også vore bekymra for mora Jean som også bor i Napa Valley. Ho har og kjent røyklukt, men har ikkje vore ramma av brannen. Ho har vore straumlaus det siste døgnet, og har dermed hatt problem med å følgje med på nyheitssendingar. Men ho føler seg så langt trygg og ho har fasttelefon som verkar og kan dermed halde seg orientert via telefon.

Slik såg det ut før brannen – Birgitte og Albertohar lagt ned mykje arbeid for å få det fint rundt heimen sin. Foto: Line Kvendset

Slik såg det ut nedover gata før – no er alt borte! Foto: Line Kvendset

Oversiktskart over California og alle brannane. Det var fleire hundre brannar som herje samtidig, – verst var det i området Santa Rosa/Napa Valley

Publisert: 10. oktober 2017, 13:12