Byttedag og kaffelag
I dag er det mykje som foregår i Todalen. I 2. etasje i Skulstuå var det klesbyttedag, kor ein kunne gjere fleire gode «kupp» utan å betale ei krone. Maria Hagerupsen Halle og Astrid Longva Kvendset var primus motorer, og hadde på førehand fått samla inn mykje fint både av sko, klær og litt smykkesaker i ulike størrelsar.
Fleire av dei besøkende fann egna ting å ha med seg heimatt. -Arrangementet varer til klokka 17, fortalte Maria H Halle, så no er vi klare for pulje to med innrykk, da den første gjengen var på tur ut dørene.
Mykje spennande å finne for den som er gled i å pynte seg.
I 1. etasje var det salg av både salt og søtt. Her var det Skulstuas vener som regjerte og ein kunne sette seg ned med ein varm kopp kakao og Lines nystekte cockies, eller ei varmande heimelaga kjøttsuppe. Foto: Line K.
Arrangementskomiteen. Frå venstre Maria Hagerupsen Halle, Ragna Kvendset, Line Kvendset, Astrid Longva Kvendset og Lisa Ranes. Lisa var dagens plakatansvarlege.
Skulstuå i Todalen er ei stifting. Denne har eit medlemslag som heiter «Venner av Skulstuå». He er det rå å bli medlem fortel Ragna. Kontigenten for 2019 er 300,- som blant anna går til å dekkje løpande utgifter knytt til Skulstuå og stiftelsens formål.