Sett av laurdagskvelden 11. juli – da kjem nemleg Terje Nordgarden attende til Todalen for å halde utekonsert på Todalshytta. Terje var tidlegare i sommar med på låtskrivarseninaret på Todalshytta, og no tek han med seg familien og kjem att for å vise fram todalsnaturen – og byr altså på konsert denne laurdagskvelden.
Terje er ein erfaren «one man band»-musiker, og har flere ganger reist rundt i europa med musikken sin. – Han er ein musikant av stort kaliber som det er verdt å ta turen for å høyre, seier Eric Malling, som håper at Todalshytta kan by på ein unik «seanse» med Terje Nordgarden. Seinare i sommar kjem også Knut Reiersrud til Todalen – det skjer laurdag 25. juli, men det kjem vi att med meir info om seinare.
Laurdag 11. juli opnar Todalshytta kl 19.00 – med meny som er tilpassa vêret – og konserten med Nordgarden startar kl 20.00.