Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byr på gratis ferge til Smøla

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. august 2023

Frå 16. august blir det fleire ferjestrekningar som blir gratis for trafikkantane – mellom anna ferja til Smøla som går frå Sandvika til Edøya.  Tidlegare er ferja mellom Hendset og Arasvika gratis, medan du framleis må betale for ferja mellom Seivika og Tømmervåg.  Men kjem du altså frå «indre» så er ferjeturane gratis til Smøla – og har du ikkje vore på Smøla så er det så absolutt verdt å ta turen.

På Smøla kjem du først til Edøya – her ligg turistinformasjonen og her kan du starte med ein kaffekopp. Foto Jon Olav Ørsal

Ferja frå Hennset til Arasvika går kvar heil time til langt på dag, med pause kl 17.  Returen til Hendset går like stabilt kvart over heil time.  Ferjetida til Smøla stemmer også bra med avgangane frå Sandvika, dersom du køyrer strake vegen og held normal fart – ca 30 minutt tar denne turen.  Sandvika – Edøya blir trafikkert av to ferjer, slik at det er halvtimes avgangar på denne ruta. 

Brenneriet – kunstgalleri og kafeteria – og museum for fiskerinæringa. Foto Jon Olav Ørsal

Da er du plutseleg framme på Edøya og kan starte med ein kaffepause på Gurisentret – der finn du og turistinformasjonen og info om kva som skjer på Smøla.  Vegen vidare finns i fleire alternativ – på vestsida i retning Dyrnes finn du vindmølleparken og Villsaubutikken.  Kjører du rett over Smøla kjem du til Frostaheia med bl.a. Norsk Myrmuseum og Bureisingsmuseet og ikkje minst store areal med gras- og gulrotproduksjon.  Eit alternativ er også å køyre på austsida via Vikan og Nordvika – men alle vegar fører til Hopen, der kommunesentret ligg.  

Frå Havkroa – restaurant med mykje godt på menyen. Foto Jon Olav Ørsal

Mest å sjå er det kanskje på Veiholmen – frå Hopen til Veiholmen er det ca 1 mil, og når du kjem til Veiholmen er det lurt å parkere bilen og ta ein runde til fots.  Her finn du både butikk, restaurantar og mulegheiter for overnatting  – f.eks. kan du stikke innom Brenneriet, der det er både kafeteria, kunstutstilling og museum for dette gamle fiskeværet.  Informsjonen om det som skjer er forøvrig samla i kulturkalenderen for Smøla – den finn du på www.opplevsmøla.no som er verdt å stikke innom.

Den gongen Smølaferga gikk frå Kristiansund så var det ein skikkeleg langtur for å kome til Småla. Denne plakaten var omgord på ferja. Foto Jon Olav Ørsal

På Gurisentret trefte vi Marit Width og Cornelia Bæverfjord Roksvåg. Cornelia var forresten reiselivslærling foto Jon Olav Ørsal

På Brenneriet var det kunstutstilling der lokale kunstnarar hadde stillt ut sine kunstverk. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. august 2023, 07:20