Hos Byggmakker Surnadal er det stor aktivitet om dagen, både på utsida og innsida. På utsida har entreprenøren kome i gang med et tilbygg på 400 m2. Nybygget skal mellom anna huse den nye OutLiving-kolleksjonen frå MøreTre. Inne i butikken er det også store endringar, der varegrupper er flytta om, for å få en meir praktisk butikk – både for kundane og for betjeninga.
Utfor veggane har entreprenøren starta med støyping av fundament til det nye tilbygget framfor butikken. Tilbygget er på 400 m2, og her skal blant anna den nye OutLiving-kolleksjonen og anna hageutstyr få plass. Det arbeidast på spreng for å få tilbygget ferdig, slik at det kan tas i bruk til våren når det er sesong for hagemøblar og andre utevarer.
Inne i butikken er det også store endringar på gang. Butikken har fått nytt golvbelegg og dei fleste varegruppene er flytta om for å gjere det meir praktisk både for forbrukarane og for betjeninga, fortel butikksjef Ivar Helge Kvendset. – Vareplasseringa i butikken er no stort sett på plass, men det står igjen litt arbeid med torgplassen og en del skilting, seier han.
– Til våren når tilbygget er ferdig blir det nok ei skikkeleg opningsfest med mange gode tilbod, og vi rekar med at vi skal få til det i mai, seier Ivar Helge som er godt nøgd med framdrifta så langt. Gledelig er det også at vi har klart å halde omsetninga vår i denne perioden, så vi er en stor takk skyldig til våre kundar som har vært trufaste til tross for at vi nærast har hatt unntakstilstand i butikken.