Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byggmakker inviterte til proffmesse på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Fredag 1. oktober 2021

Torsdag kvald samla Byggmakker Surnadal eit 50-tal av sin proff-kunder til messe på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Dei fleste av proffkundane er antreprenørar elle snekkarar som nyttar Byggmakker som leverandør av byggevarer.  Denne kvelden var det invitert med 11 leverandørar som presenterte sine produkt for interesserte handverkarar.

Dei forskejllige utstillarane representerte mange forskejllige produkt, og vi kan nemne arbeidsklær, vernesko, forskjellige typer plater, skruer og spiker med utstyr, sikringsutstyrpapp og tetningsmidler, verktøy av alle slag, vindu, isolasjon og royalprodukter frå Talgø. Dette var det stor interesse for, og det var fullt heile tida på alle stands som var spredd rundt på Gammelfabrikken. Sjølvsagt vart det og litt traktering, der Todalshytta bydde på både årets lam og tyrkisk ribbe som fall i smak hos gjestane. 

konsernsjef terje Talgø såg både attover i historia og framover inn i framtida da han presenterte Talgø historia for BM-proffane. Foto: Jon Olav Ørsal

Konsernsjef Terje Talgø presenterte Talgøhistoria og spedde på med litt informasjon om investeringar som pågår på Talgø MøreTre og litt om framtidige planar som Talgø jobbar med.

Bildeglimt frå proffmessa på Gammelfabrikken torsdag kveld.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 1. oktober 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 30. september 2021, 22:03