Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byggestart for «Todals brynn» i Gambia

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. oktober 2025

I september arrangerte P-17 koret, saman med kora Basarensemblet frå Kristiansund og Kvammeratene frå Molde, konsert songkveld i Todalen ungdomshus, der inntekta gjekk til eit brønnprosjekt i Gambia. Brønnen vart den kvelden døypt for «Todals brynn». 

Vi fekk i dag ei hyggeleg melding frå Ole Foss, som er medlem av Basarensemblet og ein av pådrivarane for brønnprosjektet, med ei lita statusoppdatering for prosjektet. Brønnen blir bygd i landsbyen Brikama i Gambia, og er no inne i første fase.

I rapporten vi fekk heiter det:

– Da er vi igang. Nok et vanntårn, nok en vannpumpe, nok en brønn er på gang i Gambia. «Todals brynn» blir navnet, siden rause givere og sangere i Prosjekt 17-koret i Todalen, Basarensemblet fra Kristiansund og Kvammeratene fra Molde stod for en «innsamlingskonsert» i Todalen ungdomshus tidligere i høst. 37.000 – og nå blir det van(n)vittig flott å tenke på at vi har bidratt til noe så viktig for så mange så langt borte.

«Todals brynn»

 

Publisert: 30. oktober 2025, 14:17