Torsdag i veka som gikk vart ein historisk dag på fleire måtar – ikkje minst var dagen markert med kongebesøk, der kong Harald og dronning Sonja gjesta Bindal kommune og 2-3 andre kommunar i området. Den andre store attraksjonen var nok at Bygger’n Bindal hadde offisiell opning av nybutikken i Terråk sentrum. Sjølv om butikken har halde til i Servicesentret på Terråk sia 1985, så står butikken fram som ny – med utvida butikkareal og nytt lagerbygg.

Inngangen til Bygger’n er snudd inn mot plassen mellom Bygger’n og Coop-bygget, og kan brukes både til parkering og torgplass. Foto Jon Olav Ørsal
Butikken har forresten historia heilt attende til 1939, da den heldt til i kaiområdet på Terråk, men har altså halde til i Servicebygget sia 1985. I løpet av det siste året har det pågått ombyggingsarbeid i butikkbygget, og arealet er auka både for butikken og finlageret. I tillegg er det bygd eit nytt og flott inngangsparti som er vendt inn mot det felles området mellom den nye Coopbutikken og Bygger’n, der det er både plass til parkering og litt torgplass.

Saman med inngangen er det bygd ei torgstua, der det er plass til sesongvarer og andre aktivitetar – idag er plassen bruka til eksponering av hagemøblar. Foto Jon Olav Ørsal
Talgø Invest som er eigar har satsa eit titalls millionar på den store oppgraderinga av Bygger’n-butikken, og det signaliserer at Talgø har tru på oss, seier dagleg leiar May-Britt Dyrli og butikksjef Adelsten Paulsen som er godt nøgde med satsinga som er gjort på Terråk. – Butikken har fått nye lyse lokaler og står fram som ein moderne og rasjonell butikk, seier dei to. At butikken hadde 11 mill. i omsetning 2011 og har auka til 26 mill. i omsetning i 2022, fortel litt om den positive utviklinga som har skjedd i Bygger’n Bindal.

Jobben er gjort! Gjengen ved Bygger’n Bindal har gjort det aller meste sjølve. Dei har god grunn til å være stolte av resultatet! Foto Bindalsbygg AS

May-Britt Dyrli som er degleg leiar og Adelsten Paulsen har stått i spissen for ombygging og oppgradering av butikken i Terråk sentrum. Foto: Bård Pedersen / BAnett.no