Det siste året har vi nærast hatt ein følgjetong om nyinvesteringar både i nye fjøs og bustadbygg. Denne gongen er det fjøsbygging på Halset som er tema – Håvard Halset investerer 2-3 millionar i utviding av fjøset for å få meir plass og lettvintare fjøsstell.
På Halset har det vore investert i fleire etappar, og med denne utvidinga er det plass til rundt 26 mjølkekyr og totalt er det rundt 60 dyr som skal under tak før det blir vinter – altså både mjøleproduksjon og kjøttproduksjon.
Byggeprosessen starta i vår, med riving av 2 gamle siloar og eit gammalt stabbur. Dermed vart det frigjort plass til å utvide fjøsbygget mot vest med rundt 260 m2 – der hovuddelen blir auka dyreareal og resten blir ny fôrsentral og verkstad/arbeidsrom. Noko av innreiingsarbeidet blir av praktiske grunnar gjort neste år, fortel Håvard, som også røpar at han har planar for eit nytt byggetrinn mot aust. Her skal det etter plana bli plass til å auke kjøttproduksjonen.
Til nybygget er det bruka mest lokale entreprenørar – Per Gjeldnes Maskin har stått for riving av siloar og grunnarbeidet. Vangstad har hatt murearbeidet, medan Consto Surnadal har hatt montering av ferdigelement frå MøreTre, og takstolar frå Kvatro.
I løpet av ei vekes tid reknar Håvard med at det skal være tett tak på nybygget, og det er nok på tide etter som vi no skriver oktober, men har ikkje vore noko problem ettersom vi har hatt ein mild haust så langt.
Bildegalleri – vi starter med riving av dei gamle siloane og følgjer byggeprosessen fram til no. Alle foto: Jon Olav Ørsal